Job 13

Ja, allting hev mitt auga set og øyra høyrde og forstod; alt det de veit, det veit eg og; for dykk eg ei tilbake stend. Men eg til Allvalds Gud vil tala, med Gud eg vil til retten ganga; Men de vil dekkja til med lygn, er berre ugagnslækjarar. Å, gjev de vilde tegja still, so kunde det for visdom gjelda. Høyr på den skrapa eg vil gjeva, merk når mi lippa åtak gjer! Vil de forsvara Gud med lygn? Vil de hans sak med urett verja? Vil de for honom gjera mismun, og spela Guds sakførarar? Gjeng det dykk vel, når han dykk prøver? Kann de han narra som eit mennesk’? 10 Han skal so visst dykk straffa strengt, um de slik mismunn gjer i løynd. 11 Med høgdi si han skræmar dykk, hans rædsla yver dykk skal falla. 12 Og dykkar kraft-ord vert til oska, og dykkar prov til blaute leir. 13 Teg stilt, lat meg tala ut, so fær det gå meg som det kann! 14 Kvi skuld’ eg ta mitt kjøt i tenner? Og halda livet mitt i handi? 15 Han drep meg, ei eg ventar anna, mi ferd for han lik’vel eg hævdar. 16 Men ogso det skal hjelpa meg; hjå han fær ingen urein møta. 17 So høyr då det eg segja vil; lat meg for dykkar øyro tala! 18 Eg saki hev til rettes lagt; eg skal få rett, det veit eg visst. 19 Kven er det som med meg kann strida? Eg skulde tegja stilt og døy. 20 Tvo ting må du spara meg for; då løyner eg meg ikkje for deg: 21 Di hand lyt burt frå meg du taka, lat ei di rædsla skræma meg! 22 Stemn meg so inn! eg stend til svars; eller eg talar og du svarar. 23 Kor mange brot og synder hev eg? Seg meg mi misgjerd og mi synd! 24 Kvifor vil du di åsyn løyna og for ein fiend’ halda meg? 25 Vil eit burtblåse blad du skræma? Forfylgja du eit visna strå? - 26 Når du idømer meg slik straff og let meg erva ungdoms synder 27 og legg i stokken mine føter, og vaktar alle mine vegar, slær krins um mine foteblad. 28 Og det mot ein som morkna er, lik klædeplagg som mol et upp.
Copyright information for NorSMB