Job 16

Då svara Job og sagde: «Eg hev høyrt nok av dette slag; d’er brysam trøyst de alle gjev. Vert det ’kje slutt på tome ord? Kva er det som til svar deg driv? Eg skulde tala liksom de, i fall de var i staden min; eg sette ord i hop mot dykk, eg riste hovudet mot dykk; eg skulde trøysta dykk med munnen og lindra dykk med lippemedynk. Men tale lindrar ei min verk, og ikkje kverv han um eg tegjer. Men no hev han meg trøytta ut, du hev øydt ut min heile huslyd. Du klemde meg, til vitne vart det, mi liding reiste seg imot meg og vitna mot meg beint i syni. Hans vreide reiv og elte meg; han gnistra tennerne imot meg; fiendar kveste augo på meg 10 og opna munnen sin imot meg og slo mi kinn med skjemdarslag og stima saman imot meg. 11 Til farkar Gud meg yverlet og kastar meg i brotsmenns vald. 12 Midt i min fred han skræmde meg, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva sette han meg upp. 13 Hans pilar svirrar kringum meg; bønlaust han kløyver mine nyro, mitt gall han tømer ut på jordi. 14 Han bryt meg sund med brot på brot og stormar mot meg som ei kjempa. 15 Sekk hev eg sytt um hudi mi og stukke hornet mitt i moldi. 16 Raudt er mitt andlit utav gråt, og myrkret tyngjer augneloki, 17 endå mi hand er rein for vald, og bøni mi er fri for svik. 18 Løyn ikkje blodet mitt, du jord! Legg ikkje klaga mi til kvile! 19 Alt no mitt vitne er i himmeln, min målsmann i det høge bur. 20 Når mine vener spottar meg; til Gud eg tårut auga vender. 21 Han døme millom Gud og mann og millom mannen og hans ven. 22 Og ikkje mange år det vert fyrr eg gjeng burt og kjem ’kje att.
Copyright information for NorSMB