Job 17

Mi ånd er knekt, mitt liv er sløkt, no hev eg berre gravi att. Eg hæding finn på kvar ein kant, ved deira tråss lyt auga dvelja. Å, set eit pant for meg hjå deg! Kven elles skal meg handslag gjeva? Du stengde deira sjæl for skyn; difor vil du ikkje lyfta deim. Den som gjev vener burt til plundring, hans søner sloknar augo på. Eg er for folk til ordtak sett, som ein dei sputtar beint i syni. Mitt auga sjukt av sorger er, og mine lemer er ein skugge. Dei rettvise støkk yver slikt, og skuldfri harmast på ugudleg. Men rettvis mann sin veg gjeng fram, og magti veks hjå reinhendt mann. 10 Men de - kom berre alle att! Eg ingen vismann finn hjå dykk. 11 Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på. 12 Men dei gjer natti um til dag, som ljos var næmare enn myrkrer. 13 Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng. 14 Til gravi ropar eg: «Min far!» til makken: «Mor mi! Syster mi!» 15 Kvar vert det då av voni mi? Mi von, kven augnar henne då? 16 Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.»
Copyright information for NorSMB