Job 2

So hende det ein dag, at gudssønerne kom og stelte seg fram for Herren att, og Satan var millom deim og stelte seg fram for Herren. Og Herren spurde Satan: «Kvar kjem du ifrå?» «Eg hev fare og svive ikring på jordi,» svara Satan. Då spurde Herren honom: «Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, slik ein ærleg og rettvis ein mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er. Han er endå like ærleg, so du hev eggja meg upp til å tyna honom utan grunn.» Då sagde Satan til Herren: «Hud for hud; ein mann gjev gjerne alt han eig når han berre bergar livet. Men rett ut handi di og rør ved beini og holdet hans - han skal so visst banna deg upp i andlitet.» Då sagde Herren til Satan: «Han er i di magt; men spar livet hans!» So gjekk Satan burt frå Herren; og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl; og han tok seg eit skålbrot og skrapa seg med der han sat i oskedungen. Då sagde kona hans til honom: «Er du endå ulasteleg? Banna Gud, so du kann få døy!» 10 Men han svara henne: «Du talar som ei fåvis kvinna. Me tek imot av Gud det gode, skal me ’kje taka og det vonde?» Tråss i alt dette synda ikkje Job med lipporne sine. 11 Tri vener til Job fekk høyra um den ulukka som hadde kome yver honom; dei kom kvar frå sin heimstad, Elifaz frå Teman, Bildad frå Suah, og Sofar frå Na’ama, og dei avtala seg imillom at dei skulde ganga til honom for å syna honom samhug og trøysta honom. 12 Men alt på langt fråstand såg dei at han var heilt ukjenneleg; og dei sette i og gret og reiv sund kapporne sine og kasta mold yver hovudi upp i lufti. 13 Og dei sat hjå honom på jordi i sju dagar og sju næter; og ingen av deim sagde eit ord til honom, for dei såg at han pintest hardt.
Copyright information for NorSMB