Job 23

Då svara Job og sagde: «Endå gjeld klaga mi for tråss, tungt legg eg handi på min sukk. Berre eg kunde finna honom og koma til hans bustad fram! Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov. Då høyrde eg kva svar han gav, og merka det han sa til meg. Vilde med magt han mot meg standa? Nei, lyda på meg vilde han. Ein skuldfri stod då for han fram; for alltid slapp eg domar min. Gjeng eg i aust, han er ’kje der; mot vest, eg vert han ikkje var; i nord han verkar, ei eg ser han, han snur mot sud, eg ser han ikkje. 10 For all den veg eg fer han kjenner; prøvde han meg, eg var som gull. 11 Min fot hev fylgt i faret hans; hans veg eg gjeng ubrigdeleg, 12 veik ei frå det hans lippa baud, meir enn mi lov eg lydde hans. 13 Men ein er han, kven hindrar honom? Det han hev hug til, gjer han og. 14 Han um min lagnad avgjerd tek, og hev med meg so mangt i emning. 15 Eg difor ræddast for hans åsyn, når eg det minnest, skjelv eg for han. 16 Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og Allvald hev gjort meg fælen, 17 ei er det myrkret som meg tyner, og ei mi eigi myrke åsyn.
Copyright information for NorSMB