Job 25

Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde: «Hjå honom magt og rædsla finst; han i sin himmel freden skaper. Kven veit talet på hans herar? Kven yverstrålar ei hans ljos? Kor kann ein mann ha rett mot Gud? Er vel ein kvinnefødd uskuldig? Sjå, månen er ’kje klår ein gong, og stjernon’ er ’kje reine for han. Enn mannen då, den vesle krypen? Menneskjebarnet, denne makk?»
Copyright information for NorSMB