Job 26

Då svara Job og sagde: Kvar helst hev du den veike hjelpt? Når studde du den trøytte arm? Kvar gav du uklok mann ei råd? Kor ovleg visdom hev du synt? Kven hev du bore melding til? Kva ånd hev tala gjenom deg? Skuggarne i angest skjelva, vatsdjup og dei som deri bur. Helheimen open ligg for honom, avgrunnen utan noko dekkje. Nordheimen han i audni spana, og hengde jordi yver inkje. Han vatnet inn i skyer bind; og skyi brest ei under det. Kongsstolen sin han gøymer burt og breider skyer yver honom. 10 Kring vatni han ei grensa set, der som ljos og myrker byta skal. 11 Stolparne under himmelen skjelv, og rædde vert dei for hans trugsmål. 12 Han rører havet upp med velde, og med sit vit han krasar ubeist. 13 Og himmelen klårnar ved hans ande; hans hand den snøgge ormen drap. 14 Sjå her utkanten av hans veg; det berre kviskring er me høyrer. Kven skynar, når hans allmagt torar?
Copyright information for NorSMB