Job 29

Då heldt Job fram med talen sin og sagde: «Å, var eg som i fordums måna’r, som den gong Gud mi verja var, då yver meg hans lampa skein, som lyste meg i myrkret fram, slik som eg var i mogne manndom, då Gud var ven i huset mitt, då Allvald endå med meg var, og mine born eg kring meg såg, då eg i fløyte foten tvådde, og olje rann av fjellet nær meg, då eg til porten steig i byen, og sessen min på torget tok! Ungdomen såg meg, løynde seg; dei gamle reiste seg og stod; hovdingar stogga midt i talen og lagde handi på sin munn; 10 og røysti tagna hjå dei gjæve, og tunga seg til gomen kleimde; 11 dei som meg høyrde, sælka meg, og dei som såg meg, vitna for meg. 12 Eg berga arming når han ropa, og farlaus som var utan hjelp; 13 velsigning fekk eg frå forkomne, og enkjor fekk eg til å jubla. 14 Rettferd var min, eg hennar bunad; rett var mi kappa og mi kruna. 15 Eg for den blinde auga var, og føter var eg for den halte. 16 Ein far eg var for fatigfolk; eg for ukjende saki granska. 17 På brotsmann tennerne eg knekte, reiv fengdi utor gapet hans. 18 Eg sagde: «I reiret skal eg døy, med dagar talrike som sand. 19 Til roti mi skal vatnet trengja, dogg bu ved natt på greini mi; 20 mi æra held seg frisk hjå meg, bogen vert ny handi mi.» 21 Dei høyrde ventande på meg, og lydde stilt på rådi mi. 22 Og ikkje la dei mot mitt ord, min tale draup ned yver deim. 23 På meg dei bia som på regn, ja, som vårregn opna munnen. 24 Eg smilte til mismodige, mitt andlit fekk dei ikkje myrkt. 25 Når eg deim vitja, sat eg fremst, sat som ein konge i sin herflokk, lik ein som trøystar syrgjande.
Copyright information for NorSMB