Job 32

Dei tri mennerne svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig. Men då loga harmen upp hjå Elihu, son åt Barak’el, buziten, av Rams-ætti. Han vart harm på Job, av di han heldt seg sjølv rettferdigare enn Gud. Han harmast og på dei tri venerne, av di dei ikkje kunde finna noko svar, og endå dømde Job skuldig. For Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han; men då Elihu såg at dei tri mennerne ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm. Og Elihu, son åt Barak’el, buziten, tok til ords og sagde: «Ung er eg etter år å rekna; de derimot er gamle menn. Difor eg blygdest og var rædd å segja til dykk det eg veit. Eg tenkte: «Åri tala lyt og alderen forkynna visdom.» Nei, ånd lyt til hjå menneski; og Allvalds ande gjev deim vit. Dei gamle er ’kje alltid vise, kvithærde veit ’kje stødt det rette. 10 Difor eg segjer: Høyr på meg; eg vil og segja det eg veit. 11 Eg venta hev på dykkar ord og lydde vel på dykkar lærdom, alt med de leita etter ord. 12 Og eg gav nøgje agt på dykk, men ingen sagde Job imot, ingen av dykk gav honom svar. 13 Seg ikkje: «Visdom der me fann; Gud slå han ned, folk kann det ikkje.» 14 Han hev ’kje tala imot meg, og ei med dykkar ord eg svarar. 15 Dei er forstøkte, svarar ikkje, dei vantar ord å føra fram. 16 Treng eg vel venta når dei tegjer og stend der reint forutan svar? 17 Eg vil og svara, eg for meg, eg vil og segja det eg veit. 18 For eg er full av ord til svars; i bringa sprengjer åndi på. 19 Mitt indre er som innstengd vin, lik nye vinhit vil det sprengjast. 20 Eg tala vil so eg fær luft, vil opna lipporne og svara. 21 Eg ikkje tek parti for nokon og smeikjer ei for nokor mann; 22 å smeikja kann eg ikkje med; min skapar elles burt meg reiv.
Copyright information for NorSMB