Job 34

Og Elihu tok til ords og sagde: «Vismenner, høyr på ordi mine! Kunnige folk, lyd no på meg! For ordi prøver ein med øyro, som ein med gomen maten smakar. So lat oss no det rette velja og saman finna ut det gode! For Job hev sagt: «Eg skuldfri er; min rett hev Gud ifrå meg teke; tråss i min rett, stend eg som ljugar, uskuldig fekk eg ulivssår.» Finst det vel nokon mann som Job? som gløyper hædings ord som vatn, som held med illgjerdsmenner lag, hev umgang med gudlause folk? For han hev sagt: «Kva gagnar det ein mann å vera ven med Gud?» 10 Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett. 11 Han løner mannen for hans gjerd, fer med han etter all hans ferd. 12 Nei, urettferdig er ’kje Gud, og Allvald krenkjer ikkje retten. 13 Kven let vel honom styra jordi? Og kven hev grunna jordheims-kringen? 14 Um han på seg åleine tenkte og drog sin ande til seg att, 15 då gjekk alt livande til grunns, og menneskja vart atter mold. 16 Um du er klok, so høyr på dette, og lyd på ljoden av mitt ord! 17 Kann ein som hatar retten, styra? Fordømer du den allrettvise? 18 Kann ein til kongen segja: «Niding!» Og til dei megtige: «Du brotsmann?» 19 Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle? 20 Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa. 21 Hans augo ser til mannsens ferd, han skodar kvart eit stig han tek; 22 det finst ’kje skugge eller myrker der illgjerdsmenn kann løyna seg. 23 Han tarv ’kje lenge sjå på mannen fyrr han lyt møta Gud til doms. 24 Han utan forhøyr storfolk krasar og andre set i deira stad. 25 Han kjennar heile deira verk og gjev um natti deim til tyning. 26 Han tuktar deim som illgjerdsmenner, ein stad der alle kann det sjå, 27 dei som hev vike burt frå han og ikkje hev hans vegar fylgt - 28 so han kann høyra armods klaga og jammerskrik frå undertrykte. 29 Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen, 30 so ikkje gudlaus mann skal råda og vera snaror yver folket. 31 For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond. 32 Vis du meg det eg ikkje ser! hev eg gjort synd, vil eg snu um?» 33 Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit. 34 Dei kloke folk vil segja til meg, og kvar ein vismann som meg høyrer: 35 «Job talar ikkje med forstand hans ord er utan ettertanke.» 36 Gjev Job må allstødt verta prøvd for sine svar på nidings vis! 37 For han legg brotsverk til si synd og ber seg vyrdlaust millom oss, og talar mange ord mot Gud.»
Copyright information for NorSMB