Job 37

For dette bivrar hjarta mitt og lyfter seg frå staden sin. Å, høyr på harmen i hans røyst, den dun som dundrar or hans munn! Det fer burt under himmelkvelv, men elden skin til heimsens endar. So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let. Gud torar underfullt med røysti, gjer storverk som me ei kann skyna. Han snøen byd: «Fall ned til jord!» Til regnet og, sitt sterke silregn. Han stengjer av for mannehand, so all hans skapning læra må. Villdyri gjeng til sine hi og kvilar på sin legestad. Or inste kammer kjem det storm, og kulde ut av vindarne. 10 Utav Guds ande gustar frost, dei vide vatni kjem i tvang. 11 Han lastar skyi og med væta og breider sine elding-skyer, 12 og hit og dit dei hastar fram, og skifter leid som han det vil og set i verk det som han byd, utyver vide jordheims-kringen; 13 anten til ris, når jordi treng det, ell’ og med nåde lyt dei råka. 14 Job, lyd på dette, statt no still, gjev gaum på undri Gud hev gjort! 15 Veit du når Gud deim segjer fyre, og let sitt ljos or skyi skina? 16 Veit du vel korleis skyi sviv, um underi åt den Allvise? 17 Du som i heite klæde styn, når jordi brenn i sunnanvind? 18 Gjer du med honom himmelkvelven, som er so fast som støypte spegel? 19 Lær oss, kva me skal segja honom! Me tegja lyt for berre myrker. 20 Skal han få melding at eg talar? Vil nokon ynskja seg å tynast? 21 No kann ein ikkje ljoset sjå, um enn det klårt på himmeln skin, men vinden sopar skyi burt. 22 Langt nordanfrå kjem gullet hit, ein fælsleg glans ligg yver Gud. 23 Til Allvald kann me ikkje nå, til han som er so stor i magt; men rett og rettferd ei han krenkjer. 24 Difor ber folket age for han, han ansar ingen sjølvklok mann.»
Copyright information for NorSMB