Job 38

Og Herren svara Job or stormen og sagde: «Kven er det som gjer rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn? Spenn som ein mann ditt belte på, gjev meg på mine spursmål svar. Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, i fall du greida hev! Kven sette måli - veit du det? - Og spana målsnor yver henne? Kvar vart pelaran’ sette ned? Kven la vel hennar hyrnestein, med alle morgonstjernor kvad, gudssønerne av gleda song? Kven stengde havet inn med dører, då det braut ut or moderfang? Då eg det skyer gav til klæde og myrkeskodd til sveip åt det 10 då eg for det ei grensa sette og trygga ho med port og bom 11 og sagde: «Hit og ikkje lenger! Di byrge bylgja stogge her!» 12 Baud du vel dagsprett nokon gong? Gav du morgonroden stad, 13 so femner kringum ytste jordi, so syndaran’ vart riste av? 14 Då tek ho form som leir for segl, og all stend greinlegt som ein klædnad. 15 Då misser gudlause sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knekt. 16 Kom du til havsens kjeldor fram, hev du på avgrunns-botnen gjenge? 17 Hev daude-portarn’ vist seg for deg? Ja, såg du daudeskuggens portar? 18 Og hev du vel jordviddi set? Kjenner du alt i hop, seg fram! 19 Kvar finn ein veg dit ljoset bur? Og kvar hev myrkret heimen sin? 20 So du kann henta deim til grensa og vita veg til deira hus. 21 Du veit det, du vart fødd den gong, og dagetalet ditt er stort. 22 Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet, 23 som eg til trengsle-tidi gøymer, til dagarne med kamp og krig? 24 Kva veg tru ljoset deiler seg, austanvinden spreider seg på jordi? 25 Kven laga renna vel for regnet og brøytte veg for torestrålen, 26 so væta kjem til aude land, til øydemark der ingen bur, 27 til kveikjing for den nakne heid, so gras kann gro der fyrr var bert? 28 Skal tru um regnet hev ein far? Kven avlar vel doggdroparne? 29 Kva moderliv kom isen or? Kven avla rim i himmelrømd, 30 når vatnet hardnar liksom stein, når havflata stivnar til? 31 Bind du vel bandet um Sjustjerna? Løyser du lekkjet av Orion? 32 Set du rett tid for dyreringen? Og driv du Bjørnen og hans ungar? 33 Kjenner du himmelleverne? Gav du han yver jordi magt? 34 Kann røysti di til skyi nå, so vatnet fløymer yver deg? 35 Byd du vel ljoni fara ut, so dei deg svarar: «Her er me?» 36 Kven la i myrke skyer visdom? Kven gav forstand til hildringi? 37 Kven tel med visdom skyerne? Kven tømer himmelfati ut, 38 når turre mold vert samanrend, jordklumpar kleimer seg i hop?
Copyright information for NorSMB