Job 4

Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde: «Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne? På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du; med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft. Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du! Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv. Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns? Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt; dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns. 10 Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt; 11 og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar. 12 Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra, 13 som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler. 14 Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer; 15 ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste; 16 og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra: 17 «Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar? 18 Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte - 19 enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol. 20 Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir. 21 Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»
Copyright information for NorSMB