Job 41

Ingen torer eggja honom; kven kann då mot meg reisa? Kven gav meg, so eg gjev att? Under himmeln alt eg eig. Ei eg tegjer um hans lemer, um hans sterke, væne bygnad. Kven hev drege brynja av han, Gjenge inn i duble tanngard? Kven hev opna kjakeporten? Rædsla kring hans tenner ligg. Sterke er hans skjolde-rader, feste med ei fast forsigling. Tett dei ligg innåt kvarandre, ingi luft slepp millom deim. Eine skjolden i den andre heng i hop, skilst ikkje åt. Ljos ifrå hans njosing strålar, augo skin som morgonroden. 10 Or hans gap skyt brandar fram, gneistar sprutar derifrå. 11 Or hans nasar stig det røyk, liksom eim or kjel som kokar. 12 Anden hans set eld på kol, logen ut or gapet stend. 13 I hans nakke styrken bur, rædsla spring framfor hans åsyn. 14 Tette sit kjøtvalkarne, støypte fast urikkelg. 15 Hjarta hans er hardt som stein, fast som understein i kverni. 16 Kjempor ræddast når han ris, misser både mod og hugs; 17 Sverd vil ikkje bita på, ikkje skot med spjot og pil. 18 Jarn agtar han liksom strå, kopar nett som fauskeved. 19 Ei han vik for bogesonen; stein frå slyngja vert som halm, 20 og stridsklubba vert som strå, og han lær åt spjot som susar. 21 Under han er kvasse broddar, spor dei set som treskjeslede. 22 Djupet kokar som ei gryta, sjøen som ein salvekjel. 23 Vegen lyser etter honom, djupet skin som sylverhår. 24 Liken hans på jord ei finst, denne skapning utan ræddhug. 25 Han ser ned på alt som høgt er, konge yver alle kaute.»
Copyright information for NorSMB