Job 42

Då svara Job Herren og sagde: «Eg skynar at du allting kann; for deg er ingen plan umogleg. Kven vil uvitug myrkja rådgjerd? Eg tala som ein fåvis mann um under som eg ikkje fata. Å høyr no, lat meg få tala! Eg vil deg spyrja, lær du meg! Fyrr høyrd’ eg berre gjete deg, no ser eg deg med eigne augo. Difor eg tek det i meg att og tregar djupt i mold og oska.» Då no Herren hadde tala desse ordi til Job, sagde han til Elifaz frå Teman: «Eg er harm på deg og dei tvo venerne dine, av di de hev ikkje tala rett um meg soleis som Job, tenaren min. Tak difor sju uksar og sju verar, og gakk til Job, tenaren min, og ofra brennoffer for dykk; og lat Job, tenaren min, beda for dykk! For berre honom vil eg taka til nåde, so eg ikkje gjer ulukka på dykk, for de ikkje hev tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.» Og Elifaz frå Teman og Bildad frå Suah og Sofar frå Na’ama gjekk av stad og gjorde so som Herren hadde sagt til deim, og Herren høyrde Jobs bøn. 10 No vende Herren lagnaden for Job, då han bad for venerne sine; og alt det Job hadde ått, fekk han tvifald att. 11 Og alle brørne og systerne hans kom til honom, og like eins alle dei kjenningar han fyrr hadde havt, og dei åt og drakk med honom i huset hans. Og synte honom medynk og trøysta honom for all den ulukka som Herren ført yver honom, og kvar av deim gav honom ein gullpening og ein gullring. 12 Og Herren velsigna den siste livetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor. 13 Og han fekk sju søner og tri døtter; 14 den eine av deim kalla han Jemima, den andre Kesia og den tridje Keren-Happuk. 15 Det fanst ikkje so væne kvinnor i heile landet som døtterne åt Job, og far deira let deim erva til liks med brørne deira. 16 Etter dette livde Job hundrad og fyrti år, og såg born og barneborn, fire ættleder. 17 Og Job døydde gamall og mett av dagar.
Copyright information for NorSMB