Job 5

Rop berre du; kven svarar deg? Kva engel vil du beda til? Mismod slær fåvis mann i hel og brennhug den som lite veit. Eg såg ein dåre festa rot, og brått eg laut hans bustad banna. Hans søner hjelpelaus var, uhjelpte trakka ned i porten. Hans avling åt dei svoltne upp, dei tok ho tråss i klungergjerde, og snara lurde på hans gods. Men naudi ei frå dusti kjem; ulukka ei or jordi renn; nei, mannen vert til møda fødd, som gneistarne lyt fljuga høgt. Eg vilde venda meg til Gud og leggja saki fram for honom, som storverk gjer som ei me skynar, fleir’ underverk enn me kann telja, 10 som sender regnet ned på jord og vatnet yver mark og eng, 11 som lyfter låg og liten upp og hjelper syrgjande til frelsa, 12 som spiller planen for dei sløge, so deira hender inkje duger, 13 som fangar vismann i hans vit, so listig råd forrenner seg. 14 Um dagen støyter dei på myrker, trivlar ved middag som ved natt. 15 Frå sverd frelser han frelser fatigmann, frå deira munn, frå yvervald, 16 so vesalmann fær hava von, men vondskap lata munnen att. 17 Men sæl den mann som Gud mun refsa; vanvyrd ei tukt frå Allvalds-Gud! 18 Han sårar, men bind og umkring; han slær men lækjer med si hand. 19 Seks trengslor bergar han deg or, i sju skal inkje vondt deg nå. 20 I hunger fri’r han deg frå dauden, i krig du undan sverdet slepp; 21 for tungesvipa er du berga, og trygg du er i tap og tjon; 22 du lær åt tjon og hungersnaud og ottast ikkje ville dyr; 23 du samband hev med stein på marki, og fred med villdyr uti heidi. 24 Du merkar at ditt tjeld hev fred, og inkje vantar i ditt hus. 25 Du ser, ditt sæde tallrikt er, ditt avkom rikt som gras på eng. 26 I mannskraft til di grav du gjeng, lik korn, køyrt inn i rette tid. 27 Det hev me granska; so det er; so høyr og merka deg det då!»
Copyright information for NorSMB