Job 6

Då tok Job til ords og svara: «Um dei mitt mismod vega vilde og få ulukka mi på vegti, det tyngjer meir enn havsens sand; difor var ordi mine ville. For Allvalds pilar sit i meg, mi ånd lyt suga deira gift; Guds rædslor reiser seg til åtak. Skrik asnet vel i grøne eng? Og rautar uksen ved sitt for? Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggjekvite? Det byd meg mot å røra slikt, det er som min utskjemde mat. Å, fekk eg uppfyllt bøni mi! Gav Gud meg det eg vonar på! Ja, vild’ han berre knusa meg, med hand si min livstråd slita! 10 Då hadde endå eg mi trøyst; trass pina skulde glad eg hoppa! - Den Heilage sitt ord eg held på. 11 Kva er mi kraft, at eg skuld’ vona? Mi framtid, at eg skulde tola? 12 Er krafti mi som steinen sterk? Er kanskje kroppen min av kopar? 13 Mi hjelp hev heilt forlate meg; all kvart stydjepunkt er frå meg teke. 14 Ein rådlaus treng av venen kjærleik, um enn han ottast Allvald ei. 15 Som bekken brørne mine sveik, lik bekkjefar som turkar ut. 16 Fyrst gruggast dei av bråna is, og snø som blandar seg uti, 17 men minkar so i sumarsoli, og kverv til slutt burt i sumarhiten. 18 Vegfarande vik av til deim, men kjem til øydemark og døyr. 19 Kjøpmenn frå Tema skoda dit, flokkar frå Saba vonar trygt; 20 men svikne vert dei i si von; dei narra vert når dei kjem fram. 21 So hev de vorte reint til inkjes, de rædsla såg, og rædde vart! 22 Hev eg då bede dykk um noko? Bad eg dykk løysa meg med gods? 23 og frelsa meg frå fiendvald og kjøpa meg frå røvarar? 24 Gjev meg eit svar, so skal eg tegja; seg meg kva eg hev synda med! 25 Eit rettvis ord er lækjebot; men last frå dykk er inkje verdt. 26 Du lastar meg for ordi mine; men vonlaus mann so mangt kann segja. 27 De kastar lut um farlaust barn, og handel driv um dykkar ven. 28 Vilde de berre sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i augo? 29 Vend um, lat ikkje urett skje! Vend um, enn hev eg rett i dette. 30 Finst det vel fals på tunga mi? Kann ei min gom ulukka smaka?
Copyright information for NorSMB