Job 8

Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde: «Kor lenge vil du tala so og lata ordi storma fram? Kann Gud vel rengja det som rett er? Kann Allvalds-Gud vel rengja rettferd? Hev dine søner synda mot han, gav han deim deira synd i vald. Um du søkja til din Gud, og beda Allvalds-Gud um nåde, er du då rein og utan svik, då vil han vakna upp for deg og reisa nytt ditt rettferdshus, Um og di fortid vesall var, so mykje større vert di framtid. Ja, spør deg for hjå farne ætter, agt på kva federne fann ut. - Me inkje veit, er frå i går; vårt liv ein skugge er på jordi - 10 dei skal deg læra, gjeva svar med ord ifrå sitt hjartedjup: 11 «Veks sevet vel på turre land? Trivst storren der som vatnet vantar? 12 Enn stend det grønt, vert ikkje skore, då visnar det fyrr anna gras.» 13 So gjeng det deim som gløymer Gud; og voni glepp for gudlaus mann. 14 Hans tillit sunderskori vert, hans tiltru vert til kongurvev; 15 Det hus han styd seg til, det dett; det som han triv til, stend ’kje fast. 16 Han saftfull veks, med soli skin; hans greiner yver hagen heng, 17 og roti kring steinrøysar smett, og smyg seg inn imillom steinar. 18 Men vert han riven frå sin stad, so hugsar staden han ei meir. 19 Sjå det er gleda på hans veg; or moldi skyt ein annan fram. 20 Men Gud vanvyrder ei den reine; dei vonde tek han ei i handi. 21 Han enn din munn med lått skal fylla og lipporne med gledesong; 22 men skammi klæda skal din fiend’; gudløysetjeld finst ikkje meir.»
Copyright information for NorSMB