John 6

Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilæa- eller Tiberias-sjøen. Og det fylgde honom mykje folk, av di dei såg dei teikni han gjorde på dei sjuke. Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinarne sine. Det leid då mot påskehelgi åt jødarne. Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til honom, segjer han til Filip: «Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få noko å eta?» Det sagde han av di han vilde røyna honom; for han visste sjølv kva han vilde gjera. «Brød for eit halvt hundrad dalar rekk ikkje til, so kvar av deim kann få eit lite stykke,» svara Filip. Ein av læresveinarne hans - det var Andreas, bror åt Simon Peter - segjer til honom: «Her er ein liten gut som hev fem byggbrød og tvo fiskar, men kva er det åt so mange?» 10 «Lat folket setja seg!» sagde Jesus. Det var mykje gras på den staden; so sette mennerne seg; dei var um lag fem tusund i talet. 11 Då tok Jesus brødi, og takka, og skifte deim ut til deim som sat der, og like eins av fiskarne, so mykje dei vilde hava. 12 Då dei var mette, segjer han til læresveinarne: «Sanka i hop dei molarne som att er, so ingen ting vert spillt!» 13 So gjorde dei det, og dei fyllte tolv korger med molarne som var att av dei fem byggbrødi etter deim som hadde ete. 14 Då no folket såg det teiknet han hadde gjort, sagde dei: «Dette er visst og sant profeten som skal koma til verdi!» 15 Då skyna Jesus at dei vilde koma og taka honom med magt og gjera honom til konge; difor drog han seg undan og gjekk upp i fjellet att, han åleine. 16 Då det vart kveld, gjekk læresveinarne ned til sjøen; 17 dei steig ut i båten og vilde fara yver sjøen, til Kapernaum. Det var alt myrkt vorte, og Jesus var endå ikkje komen til deim. 18 Bårorne gjekk høgt; for det bles ein hard vind. 19 Då dei so hadde rott umlag ei halv mil eller halvtridje fjordung, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart rædde, 20 men han sagde: «Det er eg; ver ikkje rædde!» 21 Då vilde dei taka honom upp i båten, og straks var båten ved det landet dei skulde til. 22 Dagen etter stod det endå ein folkehop på hi sida av sjøen; dei hadde set at det ikkje var meir enn ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten med læresveinarne sine, men læresveinarne tok av stad åleine. 23 Men det kom båtar frå Tiberias, tett innmed den staden dei hadde halde måltid etterpå Herrens takkebøn. 24 Då no folket såg at Jesus ikkje var der, og ikkje læresveinarne hans heller, steig dei sjølve i båtarne og for til Kapernaum og leita etter Jesus, 25 og då dei fann han der, på hi sida av sjøen, sagde dei til honom: «Når kom du hit, meister?» 26 Jesus svara deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Det er ’kje for di de såg teikn at de leitar etter meg, men for di de åt av brødi og vart mette. 27 Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.» 28 Då sagde dei til honom: «Korleis skal me fara åt, so me kann gjera Guds gjerningar?» 29 Jesus svara: «Det er Guds gjerning, at de skal tru på den som han sende.» 30 Då sagde dei til honom: «Kva teikn gjer då du, so me kann sjå det og tru deg? kva for verk gjer du? 31 Federne våre åt manna i øydemarki, som skrive stend: «Han gav dei brød frå himmelen å eta.»» 32 Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det rette brødet frå himmelen; 33 for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.» 34 Då sagde dei til honom: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36 Men eg sagde dykk at de hev set meg og endå ikkje trur. 37 Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt; 38 for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg, 39 og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av deim han hev gjeve meg, men vekkja deim upp att på den siste dag. 40 For so vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på honom, skal hava ævelegt liv, og at eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.» 41 Då murra jødarne og fann åt honom, for di han sagde: «Eg er brødet som kom ned frå himmelen.» 42 «Er ’kje dette Jesus Josefsson? sagde dei; «me kjenner då både far hans og mor hans; korleis hev det seg at han no segjer: «Eg hev kome ned frå himmelen?»» 43 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Haldt ikkje på å murra dykk imillom! 44 Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege honom, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. 45 Det stend skrive hjå profetarne: «Og alle skal dei vera upplærde av Gud.» Kvar som hev lydt på Faderen og lært, han kjem til meg. 46 Ikkje so at nokon hev set Faderen utan han som er frå Gud, han hev set Faderen. 47 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev ævelegt liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Federne dykkar åt manna i øydemarki og døydde; 50 her er det brødet som kjem ned frå himmelen, so den som et av det ikkje skal døy. 51 Eg er det livande brødet som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal liva i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.» 52 Då trætta jødarne med kvarandre og sagde: «Korleis kann han gjeva oss kjøtet sitt å eta?» 53 Då sagde Jesus til deim: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskjesonen, og drikk blodet hans, so hev de ikkje liv i dykk. 54 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit ævelegt liv, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. 55 For kjøtet mitt er retteleg mat, og blodet mitt er retteleg drykk. 56 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, han vert verande i meg, og eg i honom. 57 Som den livande Faderen sende meg, og eg liver ved Faderen, so skal og den som et meg liva ved meg. 58 Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er ’kje som det federne dykkar åt, og so døydde: den som et dette brødet, skal liva i all æva.» 59 Dette sagde han i eit synagogemøte, med han lærde i Kapernaum. 60 Mange av læresveinarne hans sagde då dei høyrde det: «Dette er stride ord, kven kann lyda på honom?» 61 Jesus visste med seg at læresveinarne hans murra um dette, og han sagde til deim: «Støyter de dykk på dette? 62 Enn um de no fær sjå Menneskjesonen fara upp dit han var fyrr! 63 Det er åndi som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd, og er liv; 64 men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven det var som skulde svika honom. 65 Og han sagde: «Difor var det eg sagde dykk at ingen kann koma til meg utan det er gjeve honom av Faderen.» 66 For dette var det mange av læresveinarne hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med honom lenger. 67 Då sagde Jesus til dei tolv: «Vil de og ganga dykkar veg?» 68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord, 69 og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.» 70 «Hev eg ikkje sjølv valt dykk ut, alle tolv?» svara Jesus, «og ein av dykk er ein djevel!» 71 Han meinte Judas, son åt Simon Iskariot; for det var han som sidan skulde svika honom - han, ein av dei tolv.
Copyright information for NorSMB