Jonah 1

Herrens ord kom til Jona, son åt Amittai; han sagde: «Statt upp og gakk til den store byen Nineve, og ropa ut yver honom at vondskapen hans er stigen upp for mi åsyn!» Men Jona stod upp og vilde fly til Tarsis, burt frå Herrens åsyn; og han for ned til Joppe, og fann eit skip som skulde ganga til Tarsis, og han betala ferdapengarne og gjekk um bord og vilde fara med til Tarsis, burt frå Herrens åsyn. Men Herren sende ein sterk vind ut yver havet, og reiste slik ein storm på havet at skipet so nær hadde gjenge under. Då vart skipsfolki rædde og ropa kvar til sin gud; og til å letta skipet kasta dei på sjøen alt tarvende som fanst um bord. Men Jona hadde gjenge ned i skipsromet; der låg han og sov fast. Då gjekk skiperen til honom og sagde: «Korleis kann du sova so fast? Statt upp og ropa til guden din! Kann henda vil den guden tenkja på oss, so me ikkje gjeng under.» Og dei sagde til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lut, so me fær vita kven som er skuld i at denne ulukka er komi yver oss!» So kasta dei lut, og luten fall på Jona. Då sagde dei til honom: «Seg kven som er skuld i at denne naudi er komi yver oss! Kva er di ærend, kvar kjem du ifrå? Kva land er du frå, og kva folk er du av?» Han svara deim: «Hebræar er eg, Herren, himmelens Gud, ottast eg, han som hev skapt havet og det turre land.» 10 Då vart mennerne ovleg rædde, og dei sagde til honom: «Kor kunde du gjera dette?» For dei skyna av det han fortalde deim at han flydde frå Herrens åsyn. 11 Og dei sagde til han: «Kva skal me gjera med deg, so havet kann leggja seg for oss?» For det vart meir og meir upprørt. 12 Han svara: «Tak meg og kasta meg i havet! so skal det stilna for dykk. For eg veit det er for mi skuld denne store stormen er komen yver dykk.» 13 Mennerne freista no å ro tilbake til lands, men dei magta det ikkje; for sjøen bar meir og meir imot. 14 Då ropa dei til Herren og sagde: «Å Herre, lat oss ikkje ganga under, for di denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma yver oss! for du, Herre, hev gjort som du vilde.» 15 Og dei tok Jona og kasta honom i havet, og straks heldt havet upp å rasa. 16 Då fekk mennerne fekk stor age for Herren, og dei ofra slagtoffer til honom og gjorde lovnader.
Copyright information for NorSMB