Joshua 12

Dei kongarne austanfor Jordan som Israels-sønerne vann yver og tok landet frå millom Arnonåi og Hermonfjellet, med alle moarne i aust, det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnonåi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne, og yver moarne på austsida, upp til Kinneretsjøen, og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-ha-Jesjimot og sud under Pisgaliderne; so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av deim som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre’i, og rådde yver fjellbygderne kring Hermon, og yver Salka, og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritarne og ma’akatitarne, og yver helvti av Gilead, til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon. Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, let rubenitarne og gaditarne og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom. Og dei kongarne som Josva og Israels-sønerne vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanonsdalen til svadknausen som ris upp imot Se’ir - det landet som Josva skifte ut åt Israels-ætterne, grein for grein - i fjellbygderne og på låglandet og på moarne og i liderne og i øydemarki og i Sudlandet, kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Aj, som ligg tett med Betel, ein, 10 kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein, 11 kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein, 12 kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein, 13 kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein, 14 kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein, 15 kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein, 16 kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein, 17 kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein, 18 kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein, 19 kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein, 20 kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein, 21 kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein, 22 kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein, 23 kongen i Dor på Dorhøgderne, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein, 24 kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.
Copyright information for NorSMB