Joshua 15

Juda-sønerne og ættgreinerne deira fekk sin lut burtimot Edomlandet, sudmed Sinheidi, lengst sud. Landskilet deira gjekk på sudsida ut frå enden av Saltsjøen, frå den viki som sting lengst i sud, tøygde seg sud um Skorpionskardet, og tok so yver til Sin og uppetter sunnanfor Kades-Barnea; so gjekk skiftelina yver til Hesron og upp til Addar; der svinga ho burt til Karka, tok so burtetter til Asmon, kom fram ved Egyptarlands-bekken, og enda utmed havet. «Dette», sagde Herren, «skal vera landskilet dykkar i sud.» I aust fylgde landskilet Saltsjøstrandi, alt til Jordanosen. På nordsida gjekk fylkesdeilet frå vatsbotnen, frå Jordanosen, upp til Bet-Hogla og heldt so frametter nordanfor Bet-ha-Araba, upp til Bohan-Rubensson-steinen. So tok skiftelina frå Akordalen, til Debir; der svinga ho nordetter til den steinkrinsen, som ligg beint imot Adummimkleivi, sunnanfor dalen, og gjekk so yver til En-Semeskjelda og fram til En-Rogel. Sidan tok ho upp til Hinnomssonsdalen, til sudsida av Jebusitaråsen, der Jerusalem ligg, og steig upp til toppen av det fjellet som er beint i vest for Hinnomsdalen, ved nordenden av Kjempesletta. Frå den fjelltoppen stemnde skiftelina burtåt Me-Neftoahkjelda, heldt fram til byarne på Efronheidi, og tok so burtetter til Ba’ala, den byen som no heiter Kirjat-Jearim. 10 Frå Ba’ala svinga ho vestetter til Se’irfjellet, tok yver til nordhallet av Jearimfjellet, der Kesalon ligg, og gjekk so ned til Bet-Semes, og fram til Timna. 11 Sidan heldt skiftelina nordetter til Ekronåsen; der svinga ho burt til Sikron, tok so yver til Ba’alafjellet, kom fram ved Jabne’el, og enda utmed havet. 12 I vest var det Storhavet som var grensa. Dette var landskili åt Juda-sønerne og ættgreinerne deira, på alle sidor. 13 Kaleb Jefunneson fekk sin lut millom Juda-sønerne, etter det som Herren hadde sagt med Josva. Det var den byen som heitte etter Arba, far åt Anak, og som me no kallar Hebron. 14 Kaleb dreiv ut dei tri anakitarne som budde der, Sesai og Ahiman og Talmai, borni åt Anak. 15 Sidan for Kaleb mot Debir-buarne; Debir heitte fyrr Kirjat-Sefer. 16 Då lova han ut at den som kunde taka Kirjat-Sefer, skulde få Aksa, dotter hans. 17 Otniel, son åt Kenaz, bror åt Kaleb, tok byen, og Kaleb gav honom Aksa. 18 Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb. 19 «Gjev med ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot. 20 No skal me nemna dei eigedomarne som Juda-ætti og greinerne hennar fekk: 21 Byarne i Sudlandet, ytst i Judafylket, burtimot Edomskiftet, det var Kabse’el og Eder og Jagur 22 og Kina og Dimona og Adada 23 og Kedes og Hasor og Jitnan, 24 Zif og Telem og Bealot 25 og Hasor-Hadatta og Kerijot-Hesron, som no heiter Hasor, 26 Amam og Sema og Molada 27 og Hasur-Gadda og Hesmon og Bet-Pelet 28 og Hasar-Sual og Be’erseba og Bizjotja, 29 Ba’ala og Ijjim og Esem 30 og Eltolad og Kesil og Horma 31 og Siklag og Madmanna og Sansanna 32 og Lebaot og Silhim og Ajin og Rimmon, i alt ni og tjuge byar, med grenderne som låg ikring. 33 I låglandet: Estaol og Sora og Asna 34 og Zanoah og En-Gannim, Tappuah og Enam, 35 Jarmut og Adullam, Soko og Azeka 36 og Sa’arajim og Aditajim og Gedera med Gederotajim, fjortan byar, med grenderne ikring, 37 Senan og Hadasa og Migdal-Gad 38 og Dilan og Mispe og Jokte’el, 39 Lakis og Boskat og Eglon 40 og Kabbon og Lahmas og Kitlis 41 og Gederot, Bet-Dagon og Na’ama og Makkeda, sekstan byar med grenderne ikring, 42 Libna og Eter og Asan 43 og Jiftah og Asna og Nesib 44 og Ke’ila og Aksib og Maresa, ni byar med grenderne ikring, 45 Ekron med bygder og grender, 46 og alt som låg millom Ekron og havet på Asdodsida, med grenderne som høyrde til, 47 Asdod med bygder og grender, Gaza med bygder og grender, radt burt til Egyptarlands-bekken og ut til Storhavet; det var grensa der. 48 I fjellbygderne: Samir og Jattir og Soko 49 og Danna og Kirjat-Sanna, som no heiter Debir, 50 og Anab og Estemo og Anim 51 og Gosen og Holon og Gilo, elleve byar, med grenderne ikring, 52 Arab og Duma og Esan 53 og Janim og Bet-Tappuah og Afeka 54 og Humta og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, og Sior, ni byar med grenderne ikring, 55 Maon, Karmel og Zif og Juta 56 og Jizre’el og Jokdeam og Zanoah, 57 Kajin, Gibea og Timna, ti byar med grenderne ikring, 58 Halhul, Bet-Sur og Gedor 59 og Ma’arat og Bet-Anot og Eltekon, seks byar med grenderne ikring, 60 Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, tvo byar med grenderne ikring. 61 I øydemarki: Bet-ha-Araba, Middin og Sekaka 62 og Nibsan og Ir-Hammelah og En-Gedi, seks byar med grenderne ikring. 63 Men Juda-sønerne vann ikkje driva ut jebusitarne, som budde i Jerusalem; dei hev vorte buande i hop med Juda-sønerne i Jerusalem alt til denne dag.
Copyright information for NorSMB