Joshua 17

So fekk Manasse-ætti sin lut; for Manasse var eldste son åt Josef. Makir, eldste son åt Manasse og far åt Gilead, var ein gjæv stridsmann; difor fekk han Gilead og Basanlandet. Dei andre Manasse-sønerne fekk og land, kvar ættgrein for seg: borni åt Abiezer og sønerne åt Helek og borni åt Asriel og sønerne åt Sekem og sønerne åt Hefer og sønerne åt Semida; det var borni åt Manasse, son åt Josef, og ættgreinerne deira på mannssida. Men Selofhad, son åt Hefer, som var son åt Gilead og soneson åt Makir, son åt Manasse, hadde ingi søner, berre døtter; og døtterne heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa. Dei gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne, og tala so: «Herren sagde til Moses at han skulde gjeva oss odelsjord tilliks med frendarne våre.» So fekk dei odelsjord tilliks med farbrørne sine, soleis som Herren hadde sagt. Det var ti partar som fall på Manasse, umfram Gilead- og Basanlandet austanfor Jordan; for døtterne åt Manasse fekk odel tilliks med sønerne hans. Men Gileadlandet hadde dei andre Manasse-ætterne fenge. Fylkesdeilet åt Manasse gjekk frå Aser til Mikmetat, som ligg midt for Sikem; so tok bytestrengen til høgre til En-Tappuahgrenderne. Manasse fekk Tappuahbygdi; men Efraims-sønerne fekk byen; han låg tett innåt Manasseskiftet. So gjekk fylkesdeilet ned til Kanabekken, på sudsida av bekken; men byarne der høyrde Efraim til, endå dei låg millom Manassebyarne. Sidan gjekk fylkesdeilet åt Manasse på nordsida av bekken, til det enda utmed havet; 10 Efraim fekk det som var sunnanfor, og Manasse det som var nordanfor. So var havet grensa, og sidan skifte dei med Aser i nord og med Issakar i aust. 11 I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med bygderne ikring, og Jibleam med bygderne ikring, og Dor med grender og bygder, og En-Dor med grender og bygder, og Ta’anak med grender og bygder, og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgderne. 12 Men Manasse-sønerne vann ikkje taka desse byarne, og kananitarne fekk tak til å halda seg der i landet. 13 Då Israels-sønerne vart sterkare, nøydde dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje. 14 Josefs-sønerne kom til Josva og sagde: «Kvi hev du gjeve oss berre ein lut til odel og eiga? Me er då eit mannsterkt folk, etter di Herren til dessa hev velsigna oss.» 15 «Er de so fjølmente,» sagde Josva, «so gakk upp i skogen, og ryd dykk jord der i Perizit- og Refaitlandet, sidan Efraimsheidi er for trong for dykk.» 16 «Heidi rekk ikkje til for oss,» svara Josef-sønerne, «og alle kananitarne som bur i dalbygderne, hev jarnvogner, både dei i Bet-Sean og grenderne der ikring, og dei på Jizre’elsletta.» 17 Då sagde Josva til Josefs-ætti, Efraim og Manasse: «Mykje folk hev du, og sterk er du! Du skal få meir enn ein lut. 18 Men det er ei fjellbygd du fær; det er skog der, og den lyt du hogga, og landet skal vera ditt til ytste endarne; for kananitarne skal du driva ut, endå dei hev jarnvogner, og endå dei er sterke.»
Copyright information for NorSMB