Joshua 20

Og Herren tala til Josva og sagde: «Seg til Israels-sønerne at dei skal lata upp dei fredstaderne som eg hadde Moses til å tala til dykk um, so den som av vanvare og uviljande hev drepe eit menneskje, kann få røma dit, og desse byarne soleis kann vera dykk til ei trygd mot blodhemnaren. Dråpsmannen skal røma til ein av deim; han skal stiga fram i byporten og tala si sak for styresmennerne i byen, og dei skal taka vel imot honom og gjeva honom ein bustad hjå seg. Når so blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje lata honom få tak i dråpsmannen, so sant det er uviljande han hev drepe ein mann, og han ikkje bar hat til honom frå fyrr. Han skal bu der i byen til han hev stade fram for lyden og fenge sin dom, og so til den øvstepresten som då liver, er avliden; då kann dråpsmannen fara heim att til sin eigen by og til huset sitt, til den byen han laut røma ifrå.» Då vigde dei desse byarne til fredstader: Kedes i Galilæa på Naftalifjellet og Sikem på Efraimsfjellet og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, på Judafjellet. Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, let dei upp desse: i Rubensfylket: Beser i øydemarki, på høgsletta; i Gadsfylket: Ramot i Gilead; i Manassefylket: Golan i Basan. Dette var dei byarne som vart kåra til fredstader åt alle Israels-sønerne og åt dei framande som heldt til hjå deim, so den som av vanvare drep eit menneskje, kunde røma dit og ikkje skulde døy for hemnarhand, fyrr han hev stade til doms for lyden.
Copyright information for NorSMB