Joshua 22

Då kalla Josva til seg rubenitarne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti og sagde til deim: «De hev gjort alt det Moses, Herrens tenar, sagde med dykk, og meg hev de og lydt i alt eg hev sagt. I heile denne lange tidi hev de ikkje vike frå brørne dykkar; de hev halde dykk trutt etter det som Herren, dykkar Gud, sagde fyre. Og no hev Herren, dykkar Gud, late brørne dykkar koma til ro, som han hadde lova deim; far no de heim att til tjeldbuderne dykkar, åt dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk på hi sida Jordan. Men kom vel i hug å leva etter dei bodi og den lovi som Moses, Herrens tenar, lærde dykk, at de skal elska Herren, dykkar Gud, og all tid ganga på hans vegar, og halda bodi hans, og vera trugne imot honom, og tena honom av heile dykkar hjarta og all dykkar hug!» So lyste Josva velsigning yver deim, og bad deim vel liva, og dei for heim att. Den eine helvti av Manasse-ætti hadde fenge land i Basan av Moses, og den andre helvti hadde Josva gjeve land vestanfor Jordan, saman med brørne deira. Som no Josva gav deim heimlov og velsigna deim, sagde han og til deim: «No fer de heim att med mange eignaluter og ovmykje bufe, med sylv og gull og kopar og jarn og ovmange klæde. Byt no med brørne dykkar det herfanget de hev teke frå fienden!» So tok dei då på heimvegen, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti; dei skildest med dei andre Israels-sønerne og for frå Silo i Kana’ans-landet attende til Gilead, sitt eige land, der dei hadde fenge seg bustad, soleis som Moses hadde lova deim frå Herren. 10 Men då dei kom til dei steinkrinsarne som er attmed Jordan, i Kana’ans-landet, sette dei upp eit altar der, attmed Jordan, eit stort og sjålegt altar. 11 Då fekk Israels-sønerne høyra at folk sagde: «Sjå, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti hev sett upp eit altar burtmed Jordankrinsarne, fremst i Kana’ans-landet, på den sida som høyrer til Israels-sønerne;» 12 og då Israels-sønerne høyrde det, samla heile lyden seg i Silo, og vilde fara imot deim med ufred. 13 Men fyrst sende dei Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, til Gileadlandet, 14 og saman med honom ti fyrstar, som var or kvar sitt fylke i Israel og hovdinger yver kvar si grein av Israels-ætterne. 15 Då so dei kom til Gileadlandet og fann Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til deim: 16 «So segjer heile Herrens lyd: «Kva er dette for svik de no hev gjort mot Israels Gud, med di de no hev vendt dykk burt ifrå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor hev de no sett dykk upp imot Herren? 17 Var det ’kje nok med det brotet me gjorde då me heldt oss til Peor, so ulukka kom yver Herrens lyd? Det brotet hev me endå ikkje reinsa oss frå, 18 og so vender de dykk no burt frå Herren! Men set de dykk i dag upp imot Herren, so fær heile Israel i morgon kjenna hans vreide. 19 Eller tykkjer de det er ureint det landet de hev fenge til eigedom, so kom berre yver til Herrens eige land, der som Herrens hus stend, og få dykk ein bustad millom oss, men set dykk ikkje upp imot Herren, og set dykk ikkje upp imot oss, med di de byggjer dykk eit altar umfram altaret åt Herren, vår Gud! 20 For ikkje Akan Zerahsson og med svik då han tok av det som var vigt! Då råma vreiden heile Israels-lyden, og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.»» 21 Då tok Rubens-sønerne og Gads-sønerne og halve Manasse-ætti til ords og tala so til hovdingarne yver Israels-ætterne: 22 «Herren, den allvelduge Gud, veit det, ja Herren, den allvelduge Gud, han veit det, og Israel skal vita det, at det ikkje var i tråss og utruskap mot Herren 23 me bygde oss eit altar, og ikkje på den måten at me vilde venda oss burt frå Herren; var det det, so gjev du ikkje vilde hjelpa oss i dag! Ikkje heller var altaret bygt til å ofra brennoffer eller grjonoffer eller bera fram takkoffer på; var det so, då hemne Herren sjølv seg på oss! 24 Men det var ein ting me var rædde, difor gjorde me dette: me tenkte borni dykkar ein gong kunde koma til å segja til våre born: «Kva hev de å gjera med Herren, Israels Gud? 25 Hev ’kje Herren sett eit skilmerke, Jordan, millom oss og dykk, de Rubens-søner og Gads-søner! De eig ikkje med i Herren.» Soleis kunde borni dykkar få våre born til å halda upp med å ottast Herren. 26 So kom me på at me vilde byggja dette altaret, ikkje til brennoffer eller slagtoffer, 27 men det skulde vera eit vitne millom oss og dykk og millom dei ætterne som kjem etter oss, at me vil tena Herren for hans åsyn med brennofferi og slagtofferi og takkofferi våre, so ikkje borni dykkar ein gong skal segja til våre born: «De eig ikkje med i Herren!» 28 Skulde dei nokosinne segja sovore med oss eller etterkomararne våre, tenkte me, so vil me svara: «Sjå på det likjendet av Herrens altar som federne våre hev gjort, ikkje til å ofra brennoffer eller slagtoffer på, men til eit vitne millom oss og dykk!» 29 Aldri kunde det sviva oss i hugen at me no vilde setja oss upp imot Herren og venda oss burt ifrå honom og byggja noko altar til brennoffer eller grjonoffer eller slagtoffer umfram det altaret som stend framfor huset åt Herren, vår Gud.» 30 Då Pinehas, presten, og styresmennerne for lyden, og hovdingarne yver Israels-ætterne, som var med honom, høyrde kva Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne sagde, lika dei det vel; 31 og Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten, sagde til Rubens-sønerne og Gads-sønerne og Manasse-sønerne: «No kann me skyna at Herren er midt imillom oss, sidan de ikkje hev gjort dette sviket imot honom; dermed hev de berga Israels-sønerne or Herrens vald.» 32 So skildest Pinehas Eleazarsson og hovdingarne med Rubens-sønerne og Gads-sønerne, og for frå Gileadlandet heim att til Kana’ans-landet, til Israels-sønerne, og sagde frå kva svar dei hadde fenge. 33 Og Israels-sønerne tykte godt um svaret; dei takka Gud og tenkte ikkje lenger på å taka ut i strid mot Rubens-sønerne og Gads-sønerne og øyda landet dei budde i. 34 Men Rubens-sønerne og Gads-sønerne kalla det altaret Vitne: «Eit vitne», sagde dei, «skal det vere imillom at Herren er den sanne Gud.»
Copyright information for NorSMB