Joshua 24

So samla Josva alle Israels-ætterne i Sikem, og kalla til seg styresmennerne i Israel og hovdingarne og domarane og formennerne deira, og dei steig fram for Guds åsyn. Då tala Josva soleis til heile lyden: «So segjer Herren, Israels Gud: «På hi sida Storelvi budde i gamle dagar federne dykkar, millom deim Tarah, far åt Abraham og Nahor, og dei tente framande gudar. Og eg henta Abraham, ættefaren dykkar, frå hi sida åt elvi og førde honom ikring i heile Kana’ans-landet; og eg auka ætti hans, og gav honom Isak. Og Isak gav eg Jakob og Esau: Esau let eg få Se’irfjellet til eigedom, men Jakob og sønerne hans for ned til Egyptarland. Sidan sende eg Moses og Aron, og heimsøkte egyptarane med dei plågorne de veit, og so førde eg dykk ut. Då eg no førde federne dykkar ut or Egyptarland, kom de til sjøen; men egyptarane sette etter deim til Sevhavet med vogner og hestfolk. Då ropa dei til Herren, og han sende eit tett myrker millom dykk og egyptarane, og let havet slå i hop yver deim og grava deim ned. Med eigne augo såg de kva eg gjorde i Egyptarland. Sidan var de lenge i øydemarki. So førde eg dykk inn til landet åt amoritarne, som budde austanfor Jordan, og dei stridde mot dykk, men eg gav deim i dykkar hender; de eigna til dykk landet deira, og eg rudde deim ut for dykk. Balak Sipporsson, kongen i Moab, budde seg til strid og tok på Israel; han sende bod på Bileam Beorsson, og bad honom lysa våbøn yver dykk; 10 men eg vilde ikkje lyda etter Bileam, og han laut velsigna dykk; soleis berga eg dykk ifrå honom. 11 So for de yver Jordan, og kom til Jeriko, og Jeriko-buarne stridde mot dykk, og det same gjorde amoritarne og perizitarne og kananitarne og hetitarne og girgasitarne, hevitarne og jebusitarne; men eg gav deim i dykkar hender. 12 Ein kvefsesvarm sende eg fyre dykk, og dei støkte deim burt for dykk, liksom båe amoritarkongarne; det var ikkje med sverdet ditt eller bogen du dreiv deim ut. 13 Eg gav dykk eit land som du ikkje hev havt noko stræv med, og byar som ikkje de hev bygt, og der sette de dykk ned; de et av vinhagar som de ikkje sjølve hev stelt til, og av oljetre som de ikkje hev sett.» 14 So ber då age for Herren og ten honom ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudarne som federne dykkar dyrka på hi sida Storelvi og i Egyptarland, og ten Herren! 15 Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.» 16 Då svara folket so: «Å, nei, aldri kunde me koma på slikt som å falla frå Herren og tena andre gudar! 17 For Herren er vår Gud! Han var det som førde oss og federne våre ut or Egyptarlandet, or slavehuset, og som gjorde desse store teikni for augo våre, og vara oss på heile den vegen me for og millom alle dei folkeslagi me laut framum. 18 Herren var det som dreiv burt for oss amoritarne som budde her i landet, og alle dei andre folki. Me og vil tena Herren; for han er vår Gud.» 19 «De er ikkje god til å tena Herren,» sagde Josva, «for han er ein heilag Gud; ein streng Gud er han; han vil ikkje hava tol med broti og synderne dykkar. 20 Fell de frå Herren og tener framande gudar, då kjem han til å taka ei onnor leid, og lata det ganga dykk ille og gjera ende på dykk, kor mykje godt han fyrr hev gjort dykk.» 21 «Jau, me vil tena Herren,» svara folket. 22 Då sagde Josva til folket: «So vitnar de då mot dykk sjølve at de hev valt Herren og vil tena honom.» «Ja, det vitnar me,» svara dei. 23 «Hav då burt dei framande gudarne som er hjå dykk,» sagde Josva, «og bøyg hjarta dykkar innåt Herren, Israels Gud!» 24 Og folket svara: «Ja, Herren, vår Gud, vil me tena, og hans ord vil me lyda.» 25 Den dagen gjorde Josva ei pakt med folket. Der i Sikem sette han deim lov og rett, 26 og skreiv alt upp i Guds lovbok. So tok han ein stor stein og reiste upp under ei eik som stend frammed heilagdomen åt Herren, 27 og tala soleis til heile folket: «Denne steinen skal vera vitne imot oss, han hev høyrt kvart ord som Herren hev tala med oss, og han skal vera vitne mot dykk, so de ikkje gløymer Herren, dykkar Gud.» 28 So bad Josva farvel med folket, og dei for heim att, kvar til sin eigedom. 29 Ei tid etter dette hadde hendt, andast Josva Nunsson, Herrens tenar; han var då hundrad og ti år gamall. 30 Han vart gravlagd på sin eigen gard og grunn, i Timnat-Serah på Efraimsheidi, nordanfor Ga’asfjell. 31 Israel tente Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til som livde etter Josva og kjende til alt det som Herren hadde gjort for Israel. 32 Beini åt Josef, som Israels-sønerne hadde ført med seg frå Egyptarland, gravla dei attmed Sikem, på den marki som Jakob hadde kjøpt av sønerne åt Hemor, far hans Sikem, for hundrad gullpenger, og som Josefs-borni hadde fenge til odel og eiga. 33 Sidan døydde Eleazar, son åt Aron, og vart gravlagd i Gibea på Efraimsheidi, ein by som hadde vorte gjeven åt Pinehas, son hans.
Copyright information for NorSMB