Joshua 5

Alle amoritarkongarne vestanfor Jordan og alle kananitarkongarne utmed havet vart so rædde at dei reint vilde uvita då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-folket medan dei for yver, og dei hadde ingen hug meir til å taka att med Israels-sønerne. I det same bilet sagde Herren til Josva: «Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-sønerne att!» So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-sønerne på ein haug som sidan vert kalla Huvudhaugen. Men at Josva laut umskjera deim, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptarland, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptarland. No var alle dei som for frå Egyptarland umskorne, men av deim som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren. For i fyrti år laut Israels-sønerne ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptarland, var daude og burte; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han deim til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men i staden for deim let han borni deira veksa upp; deim var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi. Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna. Og Herren sagde til Josva: «I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi.» Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag. 10 Medan Israels-sønerne låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jerikomoarne den fjortande dagen i månaden, um kvelden. 11 Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen. 12 Same dagen traut manna; for no åt Israels-folket av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana’ans-landet. 13 Då Josva var innmed Jeriko, hende det honom noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre honom med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sagde: «Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?» 14 «Nei», svara han, «eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen.» Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sagde: «Kva hev herren min å segja tenaren sin?» 15 Då svara hovdingen yver Herrens her: «Drag skoen av foten din! for den staden du stend på, er heilag.» Og Josva gjorde so.
Copyright information for NorSMB