Joshua 6

I Jeriko læste dei portarne og stengde seg inne for Israels-sønerne skuld; ingen gjekk ut, og ingen kom inn. Men Herren sagde til Josva: «Sjå no gjev eg Jeriko i dine hender, med kongen og kjemporne hans! Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen ei venda um dagen; so skal du gjera i seks dagar; og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre sambandskista. Men den sjuande dagen skal de ganga sju vendor kring byen, og prestarne skal blåsa i lurarne. Og når stridshornet tek til å ljoma med lange tonar, og de høyrer lurljoden, skal heile heren setja i og ropa so sterkt dei kann; då skal muren ramla ned, so folket kann stiga yver han, beint inn i byen.» Då kalla Josva Nunsson på prestarne og sagde til deim: «No skal de taka sambandskista og bera henne, og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre Herrens kista.» Og til folket sagde han: «Tak no i veg og gakk kringum byen! Dei herbudde skal ganga framfyre Herrens kista!» Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei i vegen dei sju prestarne som bar dei sju stridslurarne for Herrens åsyn; dei bles i lurarne, og Herrens sambandskista fylgde etter deim. Dei herbudde gjekk fyre prestarne som bles i lurarne, og dei som var attarst i ferdi, gjekk etter sambandskista, og lurarne ljoma i eino. 10 Men Josva sagde til folket: «De må ikkje ropa, og ikkje lata upp målet! Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar, fyrr den dagen eg segjer til dykk: «Ropa no!» Då skal de ropa.» 11 So for Herrens kista heilt ikring byen ei venda; sidan drog dei inn i lægret og var der um natti. 12 Morgonen etter var Josva tidleg uppe, og prestarne tok og bar Herrens kista. 13 Og dei sju prestarne bar dei sju stridslurarne framfyre Herrens kista og bles alt i eitt i lurarne. Dei herbudde gjekk fyre deim, og dei som attarst var, gjekk etter Herrens kista, medan lurarne ljoma i eino. 14 Soleis for dei den andre dagen ei venda kring byen og gjekk so attende til lægret. So gjorde dei i seks dagar. 15 Den sjuande dagen reis dei upp med same det tok til å dagast, og gjekk sju vendor kring byen; dei for like eins åt som fyrr, berre at dei den dagen gjekk sju vendor kring byen. 16 Då no prestarne bles i lurarne den sjuande gongen, då sagde Josva til folket: «Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen. 17 Og byen med alt det som i honom er, skal vera vigd til Herren og bannstøytt. Berre Rahab, skjøkja, og alle som er i huset hjå henne, skal få liva, for di ho løynde dei mennerne me sende ut. 18 Agta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis fører forbanning og ulukka yver Israels-lægret. 19 Men alt sylvet og gullet og alle ting som er av kopar eller jarn, skal helgast til Herren og koma i Herrens skattkammer.» 20 So tok folket til å ropa, og dei bles i lurarne; og då folket høyrde lurljoden, sette dei i med eit øgjeleg herskrik; då ramla muren ned, og folket steig beint inn i byen, og då dei hadde teke honom, 21 bannstøytte dei alt som fanst der; både menner og kvinnor, både unge og gamle, både uksar og sauer og asen hogg dei ned. 22 Men Josva sagde til dei tvo mennerne som hadde njosna der i landet: «Gakk inn i huset åt skjøkja og få med dykk ut både kvinna sjølv og alt folket hennar, soleis som de hev lova henne!» 23 So gjekk dei inn, dei unge mennerne som hadde vore der og njosna, og dei henta Rahab og foreldri og brørne hennar og alle andre som høyrde til ætti: alt skyldfolket hennar henta dei ut og fann deim ein verestad utanfor Israels-lægret. 24 Byen brende dei upp med alt som i honom var; men sylvet og gullet og alle ting som var av kopar eller jarn, lagde dei ned i skattkammeret i Herrens hus. 25 Josva let Rahab, skjøkja, få liva, og heile huslyden og alt skyldfolket hennar, og sidan hev ho og ætti hennar fenge bu millom Israels-folket alt til denne dag, for di ho løynde dei mennerne som Josva hadde sendt av stad til å njosna i Jeriko. 26 Den gongen lyste Josva ei våbøn, og kvad: «Til vå og våde vere vigd den mannen som vågar byggja upp av nyom byen Jeriko! Når han hev tufta, tape han den fyrste sonen, som han fekk! Og når han set inn portarne, misse han yngste sonen sin!» 27 Soleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord um honom yver heile landet.
Copyright information for NorSMB