Judges 1

Då Josva var avliden, spurde Israels-sønerne Herren: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?» Og Herren svara: «Juda skal taka ut. No gjev eg landet i hans hender!» Då sagde Juda med Simeon, bror sin: «Ver med meg til min lut, og lat oss båe strida mot kananitarne, so skal eg vera med deg til din lut.» Og Simeon vart med honom. So tok Juda-sønerne ut, og Herren gav kananitarne og perizitarne i henderne deira; dei slo deim i Bezek og felte ti tusund mann. I Bezek møtte dei Adoni-Bezek, og dei stridde mot honom og slo kananitarne og perizitarne. Adoni-Bezek rømde; men dei sette etter honom, og tok honom og hogg av honom tumarsfingrarne og stortærne. Då sagde han: «Sytti kongar med avhogne tumarsfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No hev Gud gjeve meg like for det eg gjorde!» So førde dei honom til Jerusalem, og der døydde han. Juda-sønerne kringsette Jerusalem, og tok byen, og øydde honom med odd og egg, og sette eld i husi. Sidan for dei ned og stridde mot dei kananitarne som budde i fjell-landet og i Sudlandet og i låglandet. 10 Fyrst gjekk dei mot kananitarne som budde i Hebron - Hebron heitte fyrr i tidi Kirjat-Arba - og dei slo Sesai og Ahiman og Talmai. 11 So gjekk dei mot Debir-buarne. - Debir heitte fyrr i tidi Kirjat-Sefer - 12 Då sagde Kaleb: «Den som kann taka Kirjat-Sefer, skal få Aksa, dotter mi.» 13 Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror, tok byen, og fekk Aksa, dotter hans Kaleb. 14 Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb. 15 «Lat meg få ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot. 16 Etterkomarane etter keniten, verbror åt Moses, for med Juda-sønerne frå Palmestaden upp til Judaheidi som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket. 17 Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kananitarne som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor heitar han no Horma. 18 Og Juda-mennerne tok Gaza og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byarne. 19 Herren var med Juda-sønerne, og dei lagde under seg fjellbygderne; men dei var ikkje god til å driva ut slettebuararne; for dei hadde jarnvogner. 20 Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tri Anaks-sønerne ut or bygdi. 21 Benjamins-sønerne dreiv ikkje ut jebusitarne som budde i Jerusalem; jebusitarne vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønerne og hev butt der til denne dag. 22 Josefs-ætti tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med deim. 23 Då dei låg på vakt kring Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz - 24 fekk spæjarane deira sjå ein mann som kom ut or byen. Og dei sagde til honom: «Kjære, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera vel mot deg!» 25 So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei øydde byen med odd og egg, men mannen og heile ætti hans let dei fara sin veg. 26 Han for til Hetitarlandet, og bygde ein by; den kalla han Luz, og det namnet hev byen havt til denne dag. 27 Manasse øydde ikkje Bet-Sean og Ta’anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygderne som låg under dei byarne, og kananitarne var god til å halda seg der i landet. 28 Då Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje. 29 Efraim dreiv ikkje ut kananitarne som budde i Gezer; kananitarne vart buande millom Efraims-sønerne i Gezer. 30 Sebulon dreiv ikkje ut deim som budde i Kitron og i Nahalol; kananitarne vart buande millom Sebulons-sønerne, men laut gjera trælearbeid. 31 Asser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og øydde ikkje Ahlab og Akzib og Helba og Afik og Rehob; 32 asseritarne busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet, og dreiv deim ikkje ut. 33 Naftali-sønerne dreiv ikkje ut deim som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut træla for deim. 34 Amoritarne trengde Dans-sønerne upp i fjelli, og let deim ikkje få koma ned på sletta. 35 Sjølve var dei god til å halda seg i Har-Heres og i Ajjalon og Sa’albim, men sidan fekk Josefs-ætti yvertaket, og nøydde deim til å træla for seg. 36 Landskilet åt amoritarne gjekk frå Skorpionskardet um Knausen og uppetter.
Copyright information for NorSMB