Judges 12

Efraimitarne baud ut mannskapet sitt, og for nordetter, og sagde til Jefta: «Kvi sende du ’kje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitarne? No vil me setja eld på husi dine og brenna deg inne.» «Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitarne, svara Jefta; «då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot deim; og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet, og for imot ammonitarne, og Herren gav deim i henderne mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?» So samla han alle Gileads-mennerne, og stridde mot Efraim. Og Gileads-mennerne hogg efraimitarne ned, for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efraim! Gilead ligg midt i Efraim, midt i Manasse.» Dei stengde vadi yver Jordan for efraimitarne, og kvar gong det kom ein efraimit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: «Er du efraimit?» Han svara: «Nei.» «Seg: sjibbolet!» sagde dei. Då sagde han: «Sibbolet;» for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei honom, og drap honom innmed vadet. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efraims-ætti. Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead, og vart gravlagd i ein av Gileads-byarne. Etter honom var Ibsan frå Betlehem styrar i Israel. Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år. 10 So døydde Ibsan, og vart gravlagd i Betlehem. 11 Etter honom var Elon av Sebulons-ætti styrar i Israel. Han styrde Israel i ti år. 12 So døydde Elon av Sebulons-ætti, og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulonslandet. 13 Etter honom var Abdon Hillelsson frå Piraton styrrar i Israel. 14 Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner; dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år. 15 So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraimsland, på Amaleksfjell.
Copyright information for NorSMB