Judges 13

Men Israels-sønerne gjorde atter det som var Herren imot. Då let han filistarane få magt yver deim i fyrti år. Det var ein mann av Dans-ætti som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var ’kje barnkjømd; ho hadde aldri ått barn. Og Herrens engel synte seg for kona, og sagde: «Kjære, eg veit at du er ’kje barnkjømd og aldri hev ått barn, men du skal verta umhender og eiga ein son. Agta deg no, og drikk ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint! For no vert du umhender, og fær ein son: på hans hovud må det aldri koma saks; for sveinen skal vera vigd til Gud alt ifrå morsliv, og han skal gjera upptaket til å berga Israel frå filistarane.» So gjekk kona inn, og sagde det med mannen sin: «Det kom ein gudsmann til meg,» sagde ho; «han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sagde han meg namnet sitt. «Du skal verta umhender og eiga ein son,» sagde han med meg; «drikk no ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint! For sveinen skal vera vigd til Gud frå morsliv og til sin døyande dag.»» Då bad Manoah til Herren, og sagde: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!» Og Gud høyrde Manoahs bøn, og Guds engel kom att til kona ein gong ho sat utpå marki, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne. 10 Då sprang ho svint heim, og sagde det med mannen sin: «No hev han synt seg for meg, den mannen som kom til meg her um dagen», sagde ho. 11 Manoah reiste seg, og fylgde kona si, og då han kom til mannen, spurde han: «Er du den mannen som hev tala til kona mi?» «Ja», svara han. 12 «Når det no gjeng fram det som du sagde, korleis skal me då stella oss med sveinen, og korleis skal me fara med honom?» sagde Manoah. 13 Då svara Herrens engel: «Alt det eg nemnde for kona, lyt ho agta seg for. 14 Ho må ikkje eta noko som kjem av vintreet, og ikkje drikka vin eller sterk drykk, og ikkje eta noko ureint; alt det eg hev sagt til henne, lyt ho halda seg etter.» 15 «Kann du ’kje bia eit bil, so me fær stella til eit kid for deg!» sagde Manoah. For han visste ikkje at det var Herrens engel. 16 «Um eg biar, so et eg like vel ikkje av maten din,» svara Herrens engel; «men vil du laga til eit brennoffer åt Herren, so gjer det!» 17 Då sagde Manoah til Herrens engel: «Kva er namnet ditt - so me kann få æra deg, når det hender det som du hev sagt!» 18 «Kvi spør du um namnet mitt?» svara han; «det er eit underleg namn!» 19 So tok Manoah kidet og grjonofferet, og ofra det på berget til Herren. Då hende eit stort under, so Manoah og kona hans såg på det: 20 Då logen steig upp frå altaret mot himmelen, då for Herrens engel upp i altarlogen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg å gruve på jordi. 21 Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans; då skyna Manoah at det var Herrens engel, 22 og han sagde til kona si: «No lyt me døy; for me hev set Gud!» 23 Men kona svara: «Hadde Herren havt hug til å drepa oss, so hadde han ikkje teke mot brennoffer og grjonoffer av oss, og me hadde ikkje fenge set alt dette, og ikkje fenge høyrt slikt som det me høyrde no.» 24 Då det leid på, fekk kona ein son, og kalla honom Samson. Guten voks upp, og Herren velsigna honom. 25 Det var i Dans-lægret millom Sora og Estaol, Herrens ande fyrst tok til å driva honom.
Copyright information for NorSMB