Judges 16

Ein gong kom Samson til Gaza; der fekk han sjå ei skjøkja, og gjekk inn til henne. Då det spurdest bland folket i Gaza at Samson var komen der, ringa dei honom inne, og lurde på honom innmed byporten heile natti, men heldt seg elles rolege med natti var. «Me vil bia til det dagast; då skal me slå honom i hel,» tenkte dei. Samson vart liggjande til midt på natti. Midnattsbil reis han upp. Han tok tak i hurderne i byporten og i båe portstolparne, og rykte deim upp i hop med bommen, lagde deim på herdarne, og bar deim upp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron. Sidan lagde han hug til ei kvinna i Sorekdalen, som heitte Dalila. Då kom filistarfyrstarne upp til henne og sagde: «Sjå um du kann få lokka honom til å segja deg kvar han hev den store styrken sin frå, og korleis me kann råda med honom og binda honom, so me fær døyvt honom! Då skal me gjeva deg tusund sylvdalar kvar, og meir. So sagde Dalila til Samson: «Kjære, seg meg kvar du hev den store styrken din frå, og korleis du kann bindast, so ein fær døyvt deg!» «Dersom dei bind meg med sju rå senestrengjer, som ikkje hev vorte turre, so veiknar eg og vert som eit anna menneskjebarn,» svara han. Då kom filistarfyrstarne upp til henne med sju rå senestrengjer, som ikkje hadde vorte turre; deim batt ho honom med, og i kammerset hadde ho folk sitjande og lura. So ropa ho: «filistarane er yver deg, Samson!» Då sleit han sund strengjerne, som ein strytråd brest når han kjem innåt elden, og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå. 10 So sagde ho til honom: Du hev narra meg, og loge for meg. Kjære, seg meg no korleis du kann bindast!» 11 «Dersom dei bind meg vel med nye reip som aldri hev vore bruka til noko, so veiknar eg og vert som eit anna menneskjebarn,» svara han. 12 So tok Dalila nye reip og batt honom med, og ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» og i kammerset sat det folk og lurde. Men han sleit reipi av armarne sine, som det var tråd. 13 Då sagde Dalila til honom: «Til dessa hev du narra meg og loge for meg! Seg no korleis du kann bindast!» «Dersom du vev dei sju hårflettorne mine inn i veven!» svara han. 14 So slo ho ått med vevskeidi, og ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og rykte ut både vevskeidi og varpet. 15 So sagde ho til honom: «Korleis kann du segja du hev meg kjær, når du ikkje hev tiltru til meg? No hev du narra meg tri gonger og ikkje sagt meg kvar du hev den store styrken din frå!» 16 Som ho no tagg og truga dag etter dag, og aldri let honom få fred, vart han so leid seg at han vilde mest døy, 17 og so opna han heile sitt hjarta for henne: «Det hev aldri kome saks på mitt hovud,» sagde han; «for eg hev vore vigd til Gud alt ifrå morsliv. Vert eg raka, so fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneskjeborn.» 18 Då skyna Dalila at han hadde sagt henne heile sanningi; ho sende bod etter filistarfyrstarne, og sagde: «Kom her upp! For denne gongen hev han sagt meg heile sanningi.» Då kom filistarfyrstarne upp til henne, og hadde pengarne med seg. 19 So svævde ho Samson i fanget sitt, og ropa på ein mann ho hadde sitjande der, og let honom klyppa dei sju hårflettorne hans; då tok han til å veikna, og styrken hans for frå honom. 20 Og Dalila ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og tenkte: «Eg skal gjera meg fri og rista meg laus, som so mang ein gong fyrr;» for han visste ikkje at Herren hadde vendt seg ifrå honom. 21 Filistarane tok Samson, og stakk ut augo på honom, og førde han ned til Gaza; der batt dei honom med dubbel koparlekkja, og han laut sveiva handkverni i fangehuset. 22 Men håret hans tok til å veksa sterkt med same det var klypt. 23 So kom Filistarfyrstarne i hop, og bar fram eit stort offer for Dagon, guden sin, og heldt fest; «for,» sagde dei, «vår gud hev gjeve Samson, vår uven, i vår magt.» 24 [Stu21: 25] og då folket såg honom, lova dei guden sin, og kvad: I handi vår gav guden vår uvenen vår, han som øydde landet vårt han som drap ned folket vårt. 25 [Stu21: 24] Som dei no var komne på godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, so han kann leika for oss!» Då henta dei Samson or fangehuset, og han laut leika for deim. Dei sette honom millom stolparne. 26 Då sagde Samson til guten som leidde honom: «Slepp meg, og lat meg få halda i dei stolparne som huset kviler på, og stydja meg innåt deim!» 27 Men huset var fullt av menner og kvinnor; alle filistarfyrstarne var der, og på taket var det um lag tri tusund menner og kvinnor, som såg på med Samson leika. 28 Og Samson kalla på Herren og sagde: «Herre, min Gud, kom meg i hug, og styrk meg denne eine gongen, min Gud, so eg fær hemnt meg på filistarane for eitt av dei tvo augo mine!» 29 So femnde han kringum båe midstolparne som huset kvilde på, og klemde deim innåt seg, ein med høgre, og ein med vinstre handi. 30 «Lat meg døy i hop med filistarane!» sagde han, og tok i med all si magt; då ramla huset i hop yver fyrstarne og yver alt folket som var der, og dei som han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe med han livde. 31 Men brørne hans og alt skyldfolket kom og tok honom, og førde honom heim, og sette honom ned i gravstaden åt Manoah, far hans, millom Sora og Estaol. Då hadde han styrt Israel i tjuge år.
Copyright information for NorSMB