Judges 18

I den tidi fanst det ingen konge i Israel. Og i den tidi leita Dans-ætti etter eit odelsland til å busetja seg i; for det hadde ikkje til den dag falle nokon arvlut på deim, som på dei andre Israels-ætterne. Dans-sønerne sende ut fem mann av heile si ætt, djerve karar frå Sora og Estaol, som skulde endefara landet og sjå det vel yver. «Far no i veg,» sagde dei til deim, «og sjå dykk vel um i landet!» Mennerne kom til garden hans Mika i Efraimsheidi, og vart der um natti. For då dei for frammed husi hans Mika, kjende dei att målet åt den unge leviten, og so tok dei av vegen, og spurde honom: «Kven hev ført deg hit? Kva gjer du her, og korleis hev du det?» So sagde han deim kva Mika hadde gjort for honom, og at han hadde leigt honom til prest for seg. «Kjære deg,» sagde dei då, «spør Gud for oss um den ferdi me hev fyre oss, skal lukkast!» «Det kann fara trygt!» svara presten «Herren hev augo med dykk på ferdi dykkar.» Då for dei sin veg, dei fem mennerne, og kom til La’is; og dei såg at folket der i bygdi livde sutlaust, på same vis som sidonarane, roleg og sutlaust; det fanst ingen i landet som gjekk deim for nær i nokon ting, ingen einvaldsherre; langt var dei frå sidonarane, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk. So kom dei heim att til frendarna sine i Sora og Estaol, og frendarne deira spurde: «Kva tidender kjem de med?» «Kom, lat oss fara i veg og taka på La’is-buarne!» svara dei; «me hev skoda landet; det er eit ovgodt land. Og de sit berre og tegjer? Dryg ikkje med å taka på vegen til det landet og eigna det til dykk! 10 Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje kjem i hug nokon fåre, og landet er vidskått. Gud hev gjeve det i henderne dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdeleg ting!» 11 So for dei i vegen, seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti, frå Sora og Estaol. 12 Då dei var komne upp i høgdi, slo dei læger i Kirjat-Jearim i Judafylket; difor hev den staden vore kalla Dans-lægret alt til denne dag; det er vestanfor Kirjat-Jearim. 13 Derifrå for dei yver til Efraimsheidi, og kom til garden hans Mika. 14 Då tok dei til ords, dei fem mennerne som hadde vore til La’isbygdi og spæja, og dei sagde til landsmennerne sine: «Veit de at i desse husi er det ei gullkåpa og husgudar og eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til? so veit de vel kva de lyt gjera!» 15 So tok dei av vegen der, og kom til huset åt den unge leviten på garden hans Mika, og helsa på honom. 16 Der stod no i portledet seks hundrad fullvæpna mann av Dans-ætti; 17 og dei fem mennerne som hadde vore der i landet og spæja, gjekk upp på garden og inn i gudshuset, og tok gudsbilætet og gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, med presten stod i portledet hjå dei seks hundrad fullvæpna mennerne. 18 Då no desse kararne hadde vore inn i huset hans Mika og teke gudsbilætet med gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, so sagde presten til deim: «Kva er det de gjer!» 19 «Teg deg og agta munnen din!» svara dei. «Kom heller med oss, og ver far og prest for oss! Er det ’kje mykje betre for deg å vera prest for ei heil ætt og grein av Israel enn for ein huslyd?» 20 Dette lika presten vel. Han tok gullkåpa og husgudarne og gudsbilætet, og gav seg med flokken. 21 So snudde dei seg, og for av garde, og let kvinnorne og borni og bufeet og eignaluterne sine vera fremst i ferdi. 22 Dei var alt komne langt ifrå garden fyrr mennerne i grendi hans Mika fekk samla seg og nådde deim att. 23 Dei ropa etter Dans-sønerne, og dei vende seg og sagde til Mika: «Kva er tids, med di du hev samla folki dine?» 24 «De hev teke gudarne som eg hev gjort meg, og presten, og fare av garde med,» svara han; «kva hev eg so att? Og endå spør de meg kva er tids!» 25 Då sagde dei til honom: «Lat oss ikkje høyra eit ord av deg meir! Elles kunde hug-rame karar rjuka på dykk, og då kom du til å missa livet både du og dine.» 26 So for dei sin veg, Dans-sønerne, og då Mika såg at dei var honom for sterke, snudde han um, og for heim att. 27 Då Dans-sønerne hadde teke alle dei ting som Mika hadde kosta seg, og presten som var hjå honom, kom dei brått yver La’is, yver eit folk som livde roleg og ikkje kom i hug nokon fåre; folket øydde dei med odd og egg, og byen brende dei upp. 28 Og det var ingen som hjelpte; for dei budde langt ifrå Sidon, og hadde ikkje noko å gjera med anna folk. Byen låg i Bet-Rehobdalen. Dans-sønerne bygde honom upp att og vart buande der; 29 Dei kalla byen Dan etter ættefar sin, son åt Israel; fyrr heitte han La’is. 30 Der sette dei upp att gudsbilætet, og Jonatan, son åt Gersom, Moses’ son, var prest for Dans-ætti, og so var etterkomarane hans alt til den dagen då landet vart øydt. 31 Gudsbilætet som Mika hadde gjort seg, vart standande hjå deim so lenge Guds hus var i Silo.
Copyright information for NorSMB