Judges 21

I Mispa hadde Israels-mennerne svore: «Ingen av oss skal gjeva dotter si til nokon benjaminit!» Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn alt til det vart kveld, og dei storgret, og sagde: «Herre, Israels Gud, kvi skulde dette henda i Israel at me i dag lyt sakna ei heil ætt av Israel?» Tidleg den andre morgonen bygde folket eit altar der, og bar fram brennoffer og takkoffer. Då sagde Israels-sønerne: «Var det millom heile Israels-folket nokon mann som ikkje kom upp til møtet hjå Herren?» For dei hadde svore sin dyraste eid at den som ikkje kom upp til Herren, til Mispa, han skulde lata livet. Israels-sønerne syrgde yver Benjamin, bror sin, og sagde: «I dag er det hoggi burt ei heil grein av Israel! Kva skal me gjera for dei som att er, so dei kann få seg konor, når me hev svore ved Herren at me ikkje vil gjeva dei nokor av døtterne våre?» So spurde dei att: «Var det nokon mann av Israels-folket som ikkje kom upp til Herren i Mispa?» Då fekk dei vita at frå Jabes i Gilead var ingen komen til lægret eller til møtet; folket vart mynstra, og då synte det seg at ingen av Jabes-buarne frå Gilead var der. 10 So sende lyden tolv tusund stridsmenner dit, og sagde til deim: «Far av stad og hogg ned Jabes-buarne i Gilead med konor og born! 11 Høyr no kva de skal gjera: Kvar karmann, og kvar kvinna som hev vore nær nokon karmann og havt samlega med honom, skal de bannstøyta og rydja ut!» 12 Då fann dei millom Jabes-buarne i Gilead fire hundrad ungmøyar som aldri hadde vore nær nokon mann og havt samlega med honom, og deim tok dei med seg til lægret i Silo i Kana’ans-land. 13 Og heile lyden sende bod til Benjamins-sønerne som var på Rimmonshøgdi, og lova deim fred. 14 Då kom benjaminitarne att med ein gong, og Israels-mennerne let deim få dei kvinnorne som dei hadde spart etter av Jabes-folket i Gilead; men det rakk ikkje til for deim. 15 Og folket syrgde endå yver Benjamin; for Herren hadde hogge eit skard i Israels-folket. 16 Og styresmennerne for lyden sagde: «Kva skal me gjera for deim som att er, so dei kann få seg konor, sidan alle kvinnor i Benjamins-ætti er utrudde? 17 Dei som liver etter av Benjamin, skal få det som ætti hev ått,» sagde dei; «for ei ætt av Israel må ikkje ganga til grunnar. 18 Men me kann ikkje gjeva deim nokor av døtterne våre.» For Israels-sønerne hadde lyst ei våbøn, og sagt: «Forbanna vere den som gjev dotter si til ein benjaminit!» 19 «Men høyr no!» sagde dei: «År um anna held dei ei høgtid for Herren i Silo, som ligg nordanfor Betel, austanfor storvegen som ber frå Betel upp til Sikem, og sunnanfor Lebona. 20 Far dit», sagde dei til Benjamins-sønerne, «og legg dykk på lur i vinhagarne! 21 Når de då ser at Silo-møyarne kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vinhagarne og rana dykk kvar si kona millom Silo-møyarne, og so fara heim til Benjaminslandet! 22 Og når federne eller brørne deira kjem og kjærer seg for oss, so skal me segja til deim: «Unn oss desse møyarne! For me vann ikkje konor åt deim alle i striden. Og det er ikkje de som hev gjeve deim møyarne; elles hadde de no havt skuld på dykk.»» 23 Og Benjamins-sønerne gjorde so, og henta seg kvar si kona millom møyarne som dei rana på dansarvollen. So for dei heim att til odelslandet sitt, og bygde upp att byarne og vart buande der. 24 På same tid drog Israels-sønerne og burt derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar for heim til sin odelsgard. 25 I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar gjorde som han hadde hug til.
Copyright information for NorSMB