Judges 7

Jerubba’al - det er den same som Gideon - og alt folket som var med honom, tok ut tidleg um morgonen, og lægra seg ved Harodkjelda, og Midjans-heren låg nordanfor, frå Morehaugen og burtetter legdi. Då sagde Herren til Gideon: «Du hev for mykje folk med deg! Eg vil ’kje gjeva midjanitarne i henderne på so mange; elles kunde Israel kyta for meg og segja: «Det er mi eigi hand som hev berga meg!» Ropa no ut for folket: «Den som er rædd og fælen, kann snu og fara heim att frå Gileadfjellet!»» Då var det tvo og tjuge tusund mann som snudde heim, og ti tusund vart att. Men Herren sagde til Gideon: «Du hev endå for mykje folk! Lat deim ganga ned til kjelda, so skal eg røyna deim for deg der, og dei som eg segjer skal vera med deg, deim skal du taka med, men alle dei som eg segjer ikkje skal vera med deg, deim skal du ikkje hava med!» So let han folket ganga ned til kjelda, og Herren sagde til han: «Alle deim som lepjar vatnet i seg med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle deim som legg seg på kne og drikk.» Dei som då førde vatnet til munnen med handi og lepja, var tri hundrad i talet; alt hitt folket lagde seg på kne og drakk av vatnet. Og Herren sagde til Gideon: «Med dei tri hundrad mann som drakk av handi, vil eg berga dykk og gjeva Midjan i henderne dine; alt hitt folket kann ganga heim att.» So tok dei til seg ferdakosten åt folket og lurarne deira; og Gideon let alle Israels-menner fara heim so nær som dei tri hundrad; deim hadde han att hjå seg. Midjans-lægret låg nedanfor honom, i lægdi. Og då det vart natt, sagde Herren til honom: «Gjer deg reidug og tak på lægret der nede! Eg gjev det i henderne dine! 10 Er du rædd, so gakk fyrst ned med Pura, sveinen din! 11 Då fær du høyra kva dei talar um, og sidan kjem du til å kjenna deg so sterk, at du torer taka på lægret.» So gjekk han og Pura, sveinen hans, ned til forpostarne i lægret. 12 Og midjanitarne og amalekitarne og alle austmennerne låg i dalen, so tett som grashoppar, og det var ikkje tal på kamelarne deira; dei var som sand på havsens strand. 13 Då Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum: «No skal du høyra kva eg hev drøymt!», sagde han: «Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midjans-lægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.» 14 «Dette er ’kje noko anna enn sverdet åt Gideon Joasson, israeliten,» svara hin; «Gud hev gjeve midjanitarne og heile lægret i henderne hans.» 15 Då Gideon høyrde draumen og uttydingi, lagde han seg på kne og takka Gud. Han gjekk attende til Israels-lægret og sagde: «Ris upp! Herren hev gjeve Midjans-lægret i henderne dykkar!» 16 So skifte han dei tri hundrad mann i tri flokkar, og gav deim alle lurar og tome krukkor i henderne; men inni krukkorne var det kyndlar. 17 Og han sagde til deim: «Sjå etter korleis eg fer åt, og far de like eins! So snart de ser eg er komen tett innåt lægret, skal de gjera som eg gjer! 18 Når eg blæs i luren, eg og alle deim som er med meg, so skal de og blåsa i lurarne dykkar rundt ikring heile lægret og ropa: «For Herren og for Gideon!»» 19 Gideon og hundrad mann som var med honom, kom til utkanten av lægret fyrstundes i midnattsvakti; det var so vidt midjanitarne hadde sett ut vaktpostarne. Då bles dei i lurarne, og slo sund krukkorne, som dei hadde i handi; 20 og alle tri flokkarne bles i lurarne og slo sund krukkorne; med vinstre handi greip dei kring kyndlarne, og i høgre handi heldt dei lurarne, og bles i deim og ropa: «Drag sverdet for Herren og for Gideon!» 21 alt med dei vart standande kvar på sin stad rundt ikring lægret. Då tok alt som i lægret var til å renna att og fram og hua og røma, 22 og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurarne, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hassitta, burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat. 23 Men Israels-mennerne av Naftali og Asser og heile Manasse vart utbodne og sette etter midjanitarne. 24 Og yver heile Efraimsheidi sende Gideon folk som ropa ut: «Far ned og møt midjanitarne, og steng deim av frå elvi, frå Jordan, alt burt til Bet-Bara!» Då vart alle Efraims-mennerne utbodne og stengde vegen til elvi, til Jordan, alt burtåt Bet-Bara. 25 Dei tok tvo av Midjans-hovdingarne, Oreb og Ze’eb, og drap Oreb på Ramneberget, og Ze’eb ved Ulvepersa. Sidan sette dei etter midjanitarne og kom med hovudi av Oreb og Ze’eb til Gideon på hi sida Jordan.
Copyright information for NorSMB