Lamentations 2

Kor hev Herren i sin vreide sveipt Sions dotter i myrkeskodda! Han kasta frå himmelen ned til jordi Israels herlegdom, og han kom ikkje i hug sin fotskammel på sin vreide-dag. Utan nåde lagde Herren i øyde alle Jakobs bustader. I sin vreide reiv han ned for dotteri Juda hennar sterke borger og kasta deim til jordi. Han vanhelga riket og hovdingarne. I sin brennande vreide hogg han av alle Israels horn; han drog si høgre hand attende, endå fienden var der. Han brende Jakob lik ein eldsloge som øyder rundt ikring. Han spente sin boge som ein fiend’, med si høgre hand stod han fram som ein motstandar og drap alt våre augo hadde hugnad i. I tjeldet åt Sions dotter auste han ut sin vreide som ein eld. Herren er vorten som ein fiend’, han hev lagt Israel i øyde, lagt alle hennar slott i øyde, gjort tjon på hennar borgar; so hev han dunga i hop på dotteri Juda sorg og sut. Og han hev brote ned som av ein hage sin gard, øydelagt sin samlingsstad. Herren hev late både høgtid og kviledag verta avgløymde i Sion, og støytt ifrå seg konge og prest i sin harmfulle vreide. Herren forsmådde sitt altar, stygdest ved sin heilagdom. Murarne kring hennar slott gav han i fiendevald. Dei let si røysti ljoma i Herrens hus som på ein høgtidsdag. Herren etla øydeleggja muren for Sions dotter. Han strekte ut si mælesnor og heldt ikkje handi si att frå herjing. Og han let voll og mur syrgja; ormegta ligg dei der i lag. Dei er sokne i jord, hennar portar, han hev brote og krasa hennar stengslor; hennar kongar og hovdingar er hjå heidningfolki, det bid ikkje meir nokor lov. Hennar profetar hev ikkje heller fenge nokor syn frå Herren. 10 Dei sit på jordi tegjande, styresmennerne åt Sions dotter; dust hev dei drust uppi kruna, gyrdt seg med sekk. Dei luter mot jord sine hovud Jerusalems-møyarne. 11 Mine augo talmast av tåror, det syd inni bringa og barm, og livri hev runne til jordi - for tjonet på mitt folks dotter; for born, jamvel sogborn vanmegtast på gatorne i byen. 12 Dei ropa til møderne sine: «Kvar er korn og vin?» vanmegtast som gjenomstungne på gatorne i byen då dei andast ved modersbarm. 13 Kva skal eg vitna for deg, kva skal eg likna deg attåt, du Jerusalems dotter? kva likning skal eg finna fram åt deg til å trøysta deg med, du møy, Sions dotter? For stor som eit hav er din skade, kven kann lækja deg? 14 Dine profetar såg deg syner med fåfengd og dårskap; dei hev ikkje synt deg di misgjerning, so dine fangar kunde koma attende, men dei såg deg syner, fulle med fåfengd og forføringar. 15 Dei slær henderne i hop yver deg, alle som gjeng vegen framum. Dei blistrar og rister på hovudet yver Jerusalems dotter: «Er dette byen som dei kalla «den storfagre», «ei frygd for all jordi»?» 16 Dei spilar upp i mot deg sitt gap alle dine fiendar, blistrar og bit i hop tenner; dei segjer: «Me hev gløypt henne. Ja, dette er den dagen me stunda på; me fekk då liva og sjå den dagen.» 17 Herren hev gjort det han hadde tenkt, hev fullført sitt ord, den rådgjerdi han tok alt i forne dagar; han hev rive ned utan nåde, og han let fienden frygda seg yver deg, let dine uvener bera hornet høgt. 18 Hjarto deira ropar til Herren. Du mur kring Sions dotter, du strigråte dag og natt! Unn deg ikkje kvild! Gjev ikkje din augnestein ro! 19 Statt upp, ropa høgt um natti, når nattevaktene tek til! Renn ut som vatn ditt hjarta framfor Herrens åsyn! Lyft upp til honom dine hender til livsens frelsa for dine born, som vanmegtast av svolt på kvart gatemot! 20 Sjå, Herre, og skoda etter! Kven annan for du åt soleis? Skal kvende sitt avkjøme eta, småborn, som på armar dei ber? Skal ein slå i Herrens heilagdom prest og profet i hel? 21 På jordi i gatorne ligg ung og gamall. Mine møyar og gutar er falne for sverd. Du slo i hel på din vreide-dag, du slagta utan nåde. 22 Du kalla som på ein høgtidsdag rædslor mot meg alle stader ifrå; og på Herrens vreide-dag fanst det ingen som vart berga og slapp undan. Deim eg hev bore på armar og ale upp, hev min fiende tynt.
Copyright information for NorSMB