Leviticus 18

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Eg er Herren, dykkar Gud. De skal ikkje fara etter det som er skikk og sed i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana’ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja loverne deira. Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja. Eg er Herren, dykkar Gud; de skal halda bodi og loverne mine; held menneskja deim, so skal ho finna livet i deim. Kom i hug: eg er Herren. Ingen av dykk må koma innåt noko nærskyldt kvende og søkja seng med henne; kom i hug: eg er Herren. Du skal hava age for lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne. Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er vivet åt far din. Du skal ikkje søkja seng med syster di, som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne. 10 Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme. 11 Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di. 12 Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din. 13 Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di. 14 Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di. 15 Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er vivet åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne. 16 Du skal ikkje søkja seng med brorkona di; ho er vivet åt din eigen bror. 17 Hev du havt samlega med et kvende, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er blodskam; for dei er same folket. 18 Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne, medan kona di liver; for då set du hat millom deim. 19 Du skal ikkje koma innåt noko kvende og søkja seng med henne, medan ho hev månadssjuken sin og er urein. 20 Du skal ikkje liggja hjå kona åt grannen din og på den måten gjera deg urein. 21 Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren! 22 Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom. 23 Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må kvende gjeva seg i lag med dyr og para seg med deim. Det er skjemdarferd. 24 Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar; 25 då vart landet ureint, og eg heimsøkte det for broti deira, og landet støytte deim ut. 26 Men de skal halda bodi og loverne mine, både de sjølve og dei framande som bur millom dykk; de skal ikkje gjera noko av dei skjemdarverki 27 som dei sulka ut landet med, dei som åtte det fyre dykk; 28 for då kjem landet til å støyta dykk ut, for di de sulkar det til, liksom det støytte ut det folket som var der fyre dykk. 29 For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt. 30 So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle ugjerderne som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»»
Copyright information for NorSMB