Leviticus 19

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Tala til heile Israels-lyden, og seg til deim: «De skal vera heilage; for eg, Herren, dykkar Gud, er heilag. De skal hava age for mor og far, og halda helgarne mine. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud! De skal ikkje venda dykk til avgudarne, og ikkje gjera dykk støypte gudar! Eg, Herren, er dykkar Gud. Når de ofrar eit takkoffer til Herren, skal de gjera det soleis at han kann hava hugnad av dykk. De skal eta kjøtet same dagen som de ofrar, eller og dagen etter; men det som er att tridje dagen, skal de kasta på elden. Den tridje dagen skal det haldast for utskjemt og ureint; et nokon av det då, so hev Herren ingen hugnad i offeret, og den som et av det, gjer ei synd som han lyt lida for: han vanhelgar det som er vigt åt Herren, og han skal rydjast ut or folket sitt. Når de haustar kornet av åkrarne dykkar, so skal du ikkje skjera for vel utåt reini, og det som vert liggjande att etter skurden, skal du ikkje plukka upp. 10 Heller ikkje skal du sanka dei bæri som er att på trei etter du hev hausta vinhagen din, eller henta upp deim som er neddotne. Deim skal du lata vera att til dei fatige og framande. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud. 11 De skal ikkje stela, og de skal ikkje dylja burt det som de hev i varveitsla, og de skal ikkje svika kvarandre. 12 De skal ikkje sverja på lygn i namnet mitt; for då vanhelgar de namnet åt dykkar Gud. Kom i hug: eg er Herren. 13 Du skal ikkje gjera urett mot grannen din, og ikkje rana ifrå honom. Det ein dagarbeidar skal hava i løn, må ikkje verta liggjande hjå deg natti yver. 14 Du skal ikkje banna den som dauv er, og ikkje leggja mein i vegen for den som er blind. Du skal hava age for din Gud; eg er Herren! 15 De skal ikkje gjera urett mot nokon på tinget; ikkje skal du halda med ein mann for di han er fatig, og ikkje skal du snilda på saki hans for di han er rik; rettferdigt skal du døma landsmannen din. 16 Du skal ikkje ganga ikring og baktala folk. Du skal ikkje leggja deg ut um å få grannen din dømd frå livet. Kom i hug: eg er Herren! 17 Du skal ikkje bera hat til bror din i hjarta; men du må vel tala honom til rettes, so du ikkje skal bera synd for hans skuld. 18 Du skal ikkje hemna deg og ikkje bera agg til nokon av landsfolket ditt, men du skal vilja grannen din likso vel som deg sjølv. Kom i hug: eg er Herren. 19 De skal halda loverne mine! Du skal ikkje lata tvo dyr av ulikt slag para seg. Du skal ikkje så åkeren din med tvo ulike kornslag. Du skal ikkje ganga med klæde som er vovne av tvo ulike garnslag. 20 Når ei kvinna er i tenesta hjå ei mann som ho er trulova med, men ikkje er utløyst eller frigjevi, og so ein annan mann ligg med henne og skjemmer henne, so skal ein fylgja deim med retten, men dei skal ikkje straffast på livet, etter di ho ikkje var fri kvinna. 21 Han skal til bot for brotet sitt koma til møtetjelddøri med ein ver, som skal vera skuldoffer åt Herren, 22 og når presten hev gjort soning for honom hjå Herren med skuldofferveren, skal han få tilgjeving for den syndi han hev gjort. 23 Når de kjem åt landet dykkar, og plantar allslags frukttre, so skal de halda den fyrste frukti dei ber for urein; tri år skal trei vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukti deira. 24 Det fjorde året skal all frukti vigjast åt Herren med ei takkehøgtid. 25 Fyrst i det femte året må de eta frukti deira, so skal dei bera so mykje meir åt dykk sidan. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud! 26 De må ikkje eta noko med blodet i. De skal ikkje fara med spådoms- eller trollkunster. 27 De skal ikkje rundklyppa håret dykkar, og ikkje stytta skjegget. 28 De skal ikkje skjera dykk i holdet av sorg yver ein som er avliden, og ikkje brenna inn bokstaver eller bilæte på likamen dykkar. Kom i hug: eg er Herren! 29 Du skal ikkje vanhelga dotter di, og lata henne verta skjøkja, so folket vert usedugt og landet fullt av ulivnad. 30 De skal halda helgarne mine, og hava age for heilagdomen min. Eg er Herren. 31 Gakk ikkje til deim som manar fram draugar og spåvette! Lat deim ikkje spå dykk; for med de gjer de dykk ureine. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud! 32 For dei grå håri skal du reisa deg og æra den som gamall er; du skal hava age for din Gud. Kom i hug: eg er Herren. 33 Når ein framand bur hjå deg og held til i landet dykkar, so skal de ikkje vera hard med honom; 34 han skal vera for dykk som ein av landsmennerne dine, og du skal vilja honom likso vel som deg sjølv; for de var og framande i Egyptarlandet. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud! 35 De skal ingen urett gjera, korkje på ting eller torg; rett famn og rett aln, 36 rett vegt og rette lodd, rett skjeppa og rett kanna skal de bruka. Eg er Herren, dykkar Gud, som fylgde dykk ut or Egyptarlandet. 37 Agta vel på alle loverne og retterne mine, og liv etter deim! Kom i hug: eg er Herren!»»
Copyright information for NorSMB