Leviticus 20

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Seg til Israels-folket: «Hender det at nokon av Israels-mennerne, eller av dei framande som held til i Israel, gjev noko av borni sine frå seg til Molok, so skal han lata livet: landslyden skal steina honom i hel. Og eg vil kvessa augo mot den mannen, og rydja honom ut or folket hans, for di han hev gjeve Molok barnet sitt og sulka heilagdomen min og vanhelga mitt heilage namn: um landslyden let att augo og ikkje læst sjå at han gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep honom, so vil eg kvessa augo mot honom og mot ætti hans, og rydja honom ut or folket hans, både honom og alle deim som fylgjer i fotfaret hans, og held seg med Molok. Gjeng nokon til deim som manar fram draugar og spåvette, og held seg med deim, so vil eg kvessa augo mot honom og rydja honom ut or folket hans. De skal helga dykk og vera heilage; for eg, Herren, er dykkar Gud. Agta vel på loverne mine, og liv etter deim! Kom i hug: eg er Herren, som helgar dykk! Den som bannar far sin og mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor: blodet hans kjem på honom sjølv. 10 Den som held seg med ei gift kona, med kona åt grannen sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med. 11 Ligg nokon med stykmor si, so skjemmer han æra åt far sin; dei skal båe lata livet, og blodet deira kjem på deim sjølve. 12 Ligg nokon hjå sonekona si, so skal dei båe lata livet. Dei hev gjort eit skjemdarverk, og blodet deira kjem på deim sjølve. 13 Ligg nokon hjå ein kar, som ein ligg hjå eit kvende, so gjer dei båe ei stygg gjerning; dei skal lata livet; blodet deira kjem på deim sjølve. 14 Tek nokon både mor og dotter til kona, so er det blodskam; dei skal brennast på bål, både han og dei; sovori sedløysa må ikkje finnast hjå dykk; 15 Blandar nokon seg med eit dyr, so skal han lata livet, og dyret skal de drepa. 16 Og held ei kvinna seg innåt eit dyr og parar seg med det, so skal de slå i hel både kvinna og dyret. Dei som gjer slikt, skal lata livet, og blodet deira kjem på deim sjølve. 17 Tek nokon syster si, som hev same far eller same mor som han, og søkjer seng med henne, og ho med honom, so er det blodskam, og dei skal rydjast ut for augo åt landslyden. Han hev søkt seng med syster si: han lyt lida for brotet sitt. 18 Ligg nokon med ei kvinna medan ho hev månadssjuken sin, og nækjer blygsli hennar, tek han dekkjet av kjelda hennar, og ho nækjer blodkjelda si, so skal dei båe rydjast ut or folket sitt. 19 Du skal ikkje søkja seng med morsyster eller farsyster di; den som det gjer, skjemmer si eigi ætt: dei lyt lida for brotet sitt. 20 Ligg nokon hjå kona åt farbror sin, so vanærar han farbror sin: dei lyt lida for syndi si, og skal døy barnlause. 21 Gifter nokon seg med brorkona si, so er det ei skam; han hev vanæra bror sin: dei skal ikkje få born. 22 So lyd då alle bodi og alle loverne mine, og liv etter deim, so landet ikkje skal støyta dykk ut att, det landet som eg fører dykk til og vil lata dykk bu i! 23 Far ikkje etter skikkarne åt det folket som eg jagar ut for dykkar skuld! Dei gjorde alt dette; då fekk eg stygg til deim, 24 og eg sagde til dykk: De skal få landet deira, eit land som fløymer med mjølk og honning; eg vil gjeva dykk det til eiga, eg, Herren, dykkar Gud, som hev skilt dykk ut frå alle andre folk. 25 Difor skal de skilja millom reine og ureine dyr og reine og ureine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve ufysne med å eta dei dyri eller fuglarne eller noko av det kreket som eg hev skilt ut, og sagt de skal halda for ureine. 26 De skal vera meg heilage; for eg, Herren, er heilag, og eg hev skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, so de skal høyra meg til. 27 Er det nokon mann eller noko kvende som fer med å mana fram draugar eller spåvette, so skal dei lata livet: dei skal steinast i hel, og blodet deira kjem på deim sjølve.»»
Copyright information for NorSMB