Leviticus 23

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Tala til Israels-folket, og seg til deim: «No skal eg nemna dykk Herrens høgtider, dei dagarne som de skal kalla folket i hop til eit heilagt møte og halda høgtid for meg! Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge; men den sjuande dagen skal vera heil kviledag, med heilagt møte. Då må de ikkje gjera noko arbeid; i alle heimarne dykkar skal det vera ein kviledag, vigd åt Herren. Herrens høgtider, dei heilage møti som de skal kalla i hop, kvart på si visse tid, det er desse: Den fjortande dagen i den fyrste månaden, soleglads bil, tek Herrens påskehelg til. Og den femtande dagen i den same månaden skal de halda søtebrødhelgi for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød; den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid, og alle dei sju dagarne skal de bera fram offermat åt Herren; den sjuande dagen skal de og halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då heller.»» Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 10 «Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn kornet der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda, 11 og han skal svinga det att og fram for Herrens åsyn, so Herren kann hava hugnad av dykk; dagen etter helgi skal presten svinga kornbandet. 12 Og same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt lamb som er lytelaust, til brennoffer åt Herren. 13 Grjonofferet som fylgjer med, skal vera tvo kannor fint mjøl, blanda med olje - då er det ein offerrett åt Herren, som gjev god ange - og drykkofferet ei halv kanne vin. 14 Og brød eller steikte aks eller rått korn må de ikkje eta fyre den dagen, ikkje fyrr de hev bore fram den gåva som er etla åt dykkar Gud. Det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim. 15 Frå den fyrste dagen etter helgi, frå den dagen de bar fram kornbandet som skulde svingast for Herrens åsyn, skal de telja sju fulle vikor: 16 femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande vika, og då skal de bera fram eit nytt grjonoffer for Herren. 17 Tvo vigslingsbrød skal de koma med frå heimarne dykkar; i deim skal det vera tvo kannor fint mjøl, og dei skal vera syrte; det skal vera nygrødeoffer åt Herren. 18 Og attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lytelause lamb og ein ung ukse og tvo verar til brennoffer åt Herren, og det grjonofferet og dei drykkofferi som fylgjer med: det er ein offerrett for Herren, som det angar godt av. 19 Til syndoffer skal de ofra ein geitebukk, og til takkoffer tvo årsgamle lamb; 20 deim skal presten svinga att og fram for Herrens åsyn saman med nygrødebrødet; dei skal vigjast åt Herren, og høyra presten til. 21 Og same dagen skal de kalla folket i hop, og halda eit heilagt møte; de må ikkje gjera noko utearbeid den dagen. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim. 22 Og når de haustar kornet av åkrane dykkar, skal du ikkje skjera kornet for vel utåt reini, og dei aksi som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka upp; du skal etla deim att åt dei fatige og framande. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»» 23 Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 24 «Tala til Israels-folket og seg: «Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda helg; då skal luren ljoma og minna dykk, og de skal halda eit heilagt møte. 25 Den dagen må de ikkje gjera noko utearbeid, og de skal bera fram offermat for Herren.»» 26 Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 27 «So den tiande dagen i den same sjuande månaden er det soningsdag. Det skal vera ein heilag møtedag for dykk, og de skal fasta og bera fram offermat for Herren. 28 Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid; for det er soningsdag; då skal dei gjera soning for dykk framfor åsyni åt Herren, dykkar Gud. 29 Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or ætti si. 30 Og den som gjer noko arbeid, honom vil eg tyna midt ibland folket hans. 31 Ikkje det minste grand må de gjera den dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim. 32 Ein kvile- og helgedag skal det vera for dykk, og de skal fasta; frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda heilagt.» 33 Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde: 34 «Tala til Israels-folket og seg: «Frå den femtande dagen i den same sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar. 35 Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera. 36 Sju dagar skal de bera fram offermat for Herren; og den åttande dagen skal de halda eit heilagt møte, og bera fram offermat for Herren. Då er det stor samlingshøgtid, og de må ikkje gjera noko utearbeid. 37 Dette er dei høgtiderne då de skal kalla folket i hop til heilagt møte og bera fram offer for Herren: brennoffer og grjonoffer, slagtoffer og drykkoffer, kvart til si tid, 38 umfram Herrens kviledagsoffer, og umfram gåvorne dykkar og alle dei offeri de hev lova, eller kjem til Herren med av dykk sjølve. 39 Men frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar grøda i hus, skal de høgtida Herrens pilegrimshelg i sju dagar. Den fyrste dagen skal det halda heilag, og den åttande dagen skal det halda heilag. 40 Og den fyrste dagen skal de taka fagre frukter og palmegreiner og lauvrike buskor og seljekvister, og gleda dykk for Guds åsyn i sju dagar. 41 Soleis skal de kvart år halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda den helgi. 42 Då skal de bu i lauvhyttor i sju dagar; alle som er fødde og borne i Israel, skal bu i lauvhyttor, 43 so etterkomarane dykkar skal minnast at eg let Israels-sønerne bu i lauvhyttor då eg fylgde deim ut or Egyptarlandet, eg, Herren, deira Gud.»» 44 Og Moses kunngjorde Herrens høgtider for Israels-folket.
Copyright information for NorSMB