Leviticus 3

Vil nokon bera fram eit takkoffer, og han tek det av storfeet, so kann det offerdyret han leider fram for Herrens åsyn vera anten ukse eller ku, men lytelaust skal det vera. Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og slagta det i døri til møtetjeldet, og Arons-sønerne, prestarne, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. So skal han av takkofferet bera fram ei gåva åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro - og Arons-sønerne skal brenna det på altaret saman med brennofferet, som ligg på veden dei hev lagt på elden; då er det ein rjukande offerrett åt Herren, ein som gjev god ange. Er det av småfeet han tek det dyret som han vil bera fram for Herren til takkoffer, so kann det vera anten han eller ho, men det skal vera fritt for lyte. Vil han ofra ein sau, so skal han leida honom fram for Herrens åsyn. Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og slagta det framanfor møtetjeldet, og Arons-sønerne skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. So skal han av takkofferet bera fram ei gåva for Herren, og det skal vera alt feittet som er på sauen: spælen heil og halden - den skal han skjera av tett innmed roti - og netja og alt feittet som er på innvolen, 10 og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro - 11 og presten skal brenna det på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; det er eit godt offermål for Herren. 12 Er det ei geit han vil ofra, so skal han leida henne fram for Herrens åsyn. 13 Han skal leggja handi på hovudet hennar, og slagta henne framanfor møtetjeldet, og Arons-sønerne skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. 14 So skal han av offeret sitt bera fram ein god rett for Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen 15 og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro - 16 og presten skal brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det ein offerrett som angar godt. Alt feitt høyrer Herren til. 17 Ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim, at de aldri må eta feitt og blod.»»
Copyright information for NorSMB