Leviticus 5

Når nokon høyrer ei våbøn som vert lyst yver ein brotsmann, og han hev set eller veit noko so han kunde vitna mot honom, men like vel ikkje segjer ifrå, og soleis syndar og fører skuld yver seg, eller nokon, seg uvitande, kjem innåt noko ureint, anten det er etslet av eit ureint villdyr eller av eit ureint krøter eller av eit ureint krek, og soleis sjølv vert urein og fører skuld yver seg, eller når han kjem nær noko ureint av folk, kva det so er for ureinska som er på deim, og han ikkje veit av det, men sidan fær vita det og ser at han hev ført skuld yver seg, eller når nokon sver tankelaust burt i veret at han vil gjera eitt eller anna, slikt som folk kann koma til å sverja på i tankeløysa, og han ikkje håttar det, men sidan vert vis med at han hev ført skuld yver seg med eitkvart sovore, so skal den som soleis hev ført skuld yver seg standa til kva han hev synda i, og til bot for den syndi han hev gjort, skal han koma til Herren med eit syndoffer - det skal vera eit småkrøter av hoslaget, søya eller geit - og presten skal bera fram soningsoffer for honom og gjer honom rein for syndi. Hev han ikkje råd til eit småkrøter, so skal han til bot for den syndi han hev gjort bera fram for Herren tvo turtelduvor eller tvo duveungar, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer. Han skal koma til presten med deim, og presten skal fyrst bera fram den duva som skal vera til syndoffer. Han skal vrida um hovudet på henne tett uppmed nakken, men ikkje skilja det frå bulen. So skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal kreistast ut so det renn ned innmed altarfoten. Då er det eit rett syndoffer. 10 Av den andre duva skal han laga til eit brennoffer, på rette gjerdi. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, so skal han få tilgjeving. 11 Hev han ikkje råd til tvo turtelduvor eller tvo duveungar, so skal han til bot for di han hev synda koma med ei kanna fint mjøl; det skal vera syndofferet hans. Han skal ikkje hava olje på det, og ikkje leggja røykjelse attmed; for det er eit syndoffer. 12 Til presten skal han koma med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, saman med offerretterne åt Herren, då er det eit rett syndoffer. 13 Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han på den eine eller den andre måten hev gjort, so skal han få tilgjeving. Dette offeret skal høyra presten til på same vis som grjonofferet.»» 14 Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 15 «Er det nokon som uviljande eignar til seg noko av det som er vigt åt Herren, og soleis vert saka i svik, so skal han til bot for si skuld koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er verd minst tvo sylvdalar i heilag mynt; det skal vera skuldofferet hans. 16 Det han med urett hev eigna til seg av dei vigde gåvorne, skal han gjeva att, og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og når presten hev ofra skuldofferveren til soning for honom, skal han få tilgjeving. 17 Når nokon syndar og gjer noko av det som Herren hev forbode å gjera, og han ikkje veit av det, men skynar at han hev fare i mist og ført skuld yver seg, 18 so skal han til bot for si skuld koma til presten med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer; og presten skal bera fram soningsoffer for den misgjerdi han hev gjort og ikkje visste av, og då skal han få tilgjeving. 19 Dette er eit skuldoffer; for det var visst at han bar på ei skuld imot Herren.» Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Når nokon syndar og gjer svik imot Herren og dyl burt noko som grannen hev gjeve honom i varveitsla eller sett i vissa hjå honom, eller som han hev teke eller truga til seg av grannen, eller han finn noko som ein annan hev mist og so dyl det, eller når han gjer rang eid um eitt eller anna som han eller andre kann ha synda med, so skal den som soleis hev synda og ført skuld yver seg, gjeva att det han hev teke, eller truga til seg, eller fenge i varveitsla eller funne, og det han hev gjort rang eid um, kva det no kann vera. Han skal gjeva det att med fullt verd, og leggja femteparten attåt; til eigarmannen skal han gjeva det, og det same dagen som han ber fram skuldofferet sitt. Og til bot for si skuld skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer, og gjeva honom til presten; det skal vera skuldofferet hans. So skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn, og då skal han få tilgjeving for alle gjerningar som han kann ha ført skuld yver seg med.»
Copyright information for NorSMB