Leviticus 7

So er lovi um skuldofferet: Det er høgheilagt. På same staden som dei slagtar brennofferet, skal dei slagta skuldofferet. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret, og alt feittet skal dei bera fram for Herren, både spælen og netja, og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal skjerast utor i hop med nyro - og presten skal brenna det på altaret til ein offerrett for Herren; då er det eit rett skuldoffer. Alle menner som er prestar, må eta av det; på ein heilag stad skal det etast; det er høgheilagt. Med skuldofferet er det like eins som med syndofferet - det gjeld same lovi for båe; den presten som gjer soning med det, han skal hava det. Når ein prest ofrar brennoffer for ein mann, so skal den same presten hava hudi av offerdyret som han hev bore fram. Og alle grjonoffer som vert baka i omn og alle som er tillaga i panna eller på takka, deim skal den presten hava som ber deim fram. 10 Men alle andre grjonoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra alle Arons-sønerne til, den eine som den andre. 11 So er den lovi som gjeld når nokon kjem til Herren med eit takkoffer: 12 Er det til Guds lov og pris han ofrar det, so skal han attåt slagtofferet bera fram hellekakor med olje i, og tunnbrødleivar som er smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knoda til kakor. 13 Det er dei offergåvorne han skal bera fram attåt lov- og takkofferdyret, og umfram det skal han hava med seg syrte kakor. 14 Av offergåvorne skal han gjeva ei av kvart slag i reida åt Herren; det skal presten hava, han som skvetter blodet av takkofferet på altaret. 15 Kjøtet av lov- og takkofferet lyt etast same dagen som det vert frambore; ingen må gøyma noko av det til morgons. 16 Er det eit slagtoffer som ein hev lova eller gjev i godvilje, so skal det helst etast same dagen som han ber fram offeret sitt. Vert det noko att, so kann det etast dagen etter. 17 Men det som er att av offerkjøtet tridje dagen, skal brennast upp i elden. 18 Dersom nokon et av takkofferkjøtet tridje dagen, so hev Herren ingen hugnad i offeret, og det vert ikkje rekna den til gode som bar det fram; det skal haldast for utskjemt og ureint, og den som et av det, gjer ei misgjerning som han kjem til å lida for. 19 Kjøt som hev vore innåt noko ureint, må heller ikkje etast; det skal brennast upp i elden. Elles kann alle som er reine eta av kjøtet. 20 Men den som et kjøt av Herrens takkoffer medan det er noko ureint på honom, han skal rydjast ut or ætti si. 21 Og når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er slik ureinska som kann vera på folk, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og ufyse, og han so et av takkofferkjøtet åt Herren, so skal den mannen rydjast ut or ætti si.»» 22 Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 23 «Tala til Israels-borni og seg: «De må aldri eta feitt, anten av ukse eller sau eller geit. 24 Feittet av sjølvdaude dyr og av dyr som er rivne i hel, kann de nytta til ymse ting, men eta det må de ikkje. 25 Er det nokon som et feittet av slikt bufe som dei tek til offer åt Herren, so skal den som gjer det rydjast ut or ætti si. 26 Og ikkje i noko hus må de eta blod, anten av fugl eller fe. 27 Den som nokosinne et blod, han skal rydjast ut or ætti si.»» 28 Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 29 «Tala til Israels-borni og seg: «Den som vil bera fram eit takkeslagtoffer åt Herren, han skal sjølv koma med det han vil gjeva Herren av offeret sitt. 30 Med sine eigne hender skal han bera fram dei offerretterne som er etla åt Herren. Både bringestykket og feittet skal han bera fram, og bringestykket skal svingast att og fram for Herrens åsyn. 31 Og presten skal brenna feittet på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; men bringestykket skal Aron og sønerne hans hava. 32 Og det høgre låret skal de gjeva presten i reida av takkofferi dykkar: 33 den av Arons-sønerne som ber fram takkofferblodet og feittet, han skal hava det høgre låret for sin lut. 34 For svingebringa og lyftelåret av takkeofferi frå Israels-folket tek eg imot av deim, og gjev det åt Aron, presten, og sønerne hans; det skal i all æva vera retten deira av Israels-folket.»» 35 So var den luten Aron og sønerne hans fekk av Herrens offerretter den dagen dei vart kalla til å gjera prestetenesta for Herren; 36 det var det Herren sagde at Israels-borni skulde gjeve deim den dagen dei vart salva, og det skulde vera retten deira ætt etter ætt i all æva. 37 Dette var lovi um brennofferet og um grjonofferet og um syndofferet og um skuldofferet og um vigsleofferet og um takkofferet, 38 den som Herren kunngjorde for Moses på Sinaifjellet, den gongen han gav Israels-folket det bodet at dei skulde bera fram offergåvorne sine for Herren i øydemarki kring Sinai.
Copyright information for NorSMB