Leviticus 8

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Henta no Aron og sønerne hans, og tak dei heilage klædi og salvingsoljen og syndofferuksen og båe verarne og korgi med søtebrødet, og kalla so heile lyden saman framfor døri åt møtetjeldet!» Og Moses gjorde som Herren sagde, og lyden samla seg framfor møtetjelddøri. Då sagde Moses til deim: «Sjå no kva Herren hev sagt eg skal gjera!» So kalla han til seg Aron og sønerne hans, og tvo dei med vatn, og han hadde underkjolen på Aron, og spente beltet um honom, og klædde honom i prestekjolen, og hengde messehakelen på honom, og batt um honom livgjordi som høyrde til, og med den snørde han messehakelen fast. So hadde han bringeduken på honom, og i bringeduken lagde han urim og tummim. Og han sette huva på hovudet hans, og framme på huva sette han gullspongi, det heilage hovudgullet, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses. 10 So tok Moses salvingsoljen, og salva gudshuset og alt som i det var, og vigsla det, 11 og han skvette sju vendor på altaret av oljen, og salva altaret og alle dei ting som høyrde til det, og tvåttebalja med foten ho stod på, og vigsla deim. 12 Og noko av salvingsoljen helte han yver hovudet på Aron, og salva og vigde honom. 13 Sidan kalla han til seg sønerne hans Aron, og klædde deim i underkjolar, og spente belte um deim, og batt hovudplagg på deim, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses. 14 So leidde han fram syndofferuksen, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt uksen. 15 Og då dei hadde slagta honom, tok Moses blodet og strauk rundt ikring på altarhorni med fingeren, og gjorde altaret reint for synd, og det som var att av blodet, helte han ut tett innmed altarfoten. Soleis gjorde han soning for altaret og vigsla det. 16 So tok han alt feittet som var på innvolen, og den store livreflaga og båe nyro med talgi på, og brende det på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. 17 Men sjølve uksen, både hudi og kjøtet og møki, brende han i elden utanfor lægret, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses. 18 So leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt veren. 19 Og då dei hadde slagta honom, skvette Moses blodet rundt ikring på altaret. 20 Men sjølve veren lema dei sund, og Moses brende hovudet og kjøtet og feittet; 21 innvolen og føterne tvo dei fyrst i vatn, og so brende Moses heile veren på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. Det vart eit brennoffer som anga godt, ein offerrett for Herren var det; alt vart gjort soleis som Herren hadde sagt med Moses. 22 So leidde han fram den andre veren, vigsleveren, og Aron og sønerne hans lagde henderne på hovudet åt veren. 23 Og då dei hadde slagta honom, tok Moses noko av blodet og strauk på den høgre øyresnippen åt Aron og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans. 24 So kalla han til seg sønerne hans Aron, og strauk noko av blodet på den høgre øyresnippen og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi deira, og det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret. 25 Og han tok feittet, både spælen alt feittet som var på innvolen, og den store livreflaga og båe nyro med talgi på, og so det høgre låret. 26 Og or søtebrødkorgi som stod framfor augo åt Herren, tok han ei hellekake og eit oljebrød og ein tunnbrødleiv og lagde uppå på feittet og verlåret. 27 Og so lagde han alt saman i henderne på Aron og sønerne hans og svinga det att og fram for Herrens åsyn. 28 Sidan tok han det utor henderne deira, og brende det på altaret saman med brennofferet, so røyken steig upp mot himmelen; det var eit vigsleoffer som gav god ange, ein offerrett for Herren var det. 29 Og Moses tok bringestykket, og svinga det att og fram for Herrens åsyn; det var den luten Moses fekk av vigsleveren, soleis som Herren hadde sagt med Moses. 30 So tok Moses noko av salvingsoljen og noko av blodet som stod på altaret og skvette på Aron og klædi hans og på sønerne hans og klædi deira; og vigsla Aron og klædi hans og sameleis sønerne hans og klædi deira. 31 Og Moses sagde til Aron og sønerne hans: «De skal sjoda kjøtet i døri åt møtetjeldet og eta det attåt brødet som er i vigsleofferkorgi; for so hev Gud sagt med meg: «Aron og sønerne hans skal eta det,» hev han sagt. 32 Men det som vert att av kjøt og brød, skal de brenna i elden. 33 Og so lyt de i sju dagar halda dykk innmed møtetjelddøri, alt til den dagen då vigsletidi dykkar er ute; for sju dagar skal prestevigsla vara. 34 Som de hev gjort i dag, so skal de gjera dei hine dagarne og, so de kann få nåde, segjer Herren. 35 Og i møtetjelddøri skal de sitja dag og natt i sju jamdøger og halda dykk etter det som Herren hev sagt, so de ikkje skal missa livet; for so hev Herren sagt med meg.» 36 Og Aron og sønerne hans gjorde alt det som Herren hadde late Moses segja til deim.
Copyright information for NorSMB