Luke 13

På same tidi kom det nokre og fortalde honom dei galilæarane som Pilatus drap med dei bar fram offeret sitt, so blodet deira blanda seg med offerblodet. Då tok han til ords og sagde til deim: «Trur de desse galilæarane var større syndarar enn alle andre galilæarar, sidan det gjekk deim soleis? Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på sovori vis. Eller dei attan som Siloatårnet datt nedyver og slo i hel, trur de dei var verre brotsmenner enn alt hitt folket som bur i Jerusalem? Nei, segjer eg dykk, men vender de ikkje um, skal de alle umkomast på same vis.» So sagde han denne likningi: «Ein mann hadde eit fiketre, som stod i vingarden hans. Han kom og leita etter frukt på det, men fann ingi. Då sagde han til vingardsmannen: «No er det tridje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fiketreet og finn ingi. Hogg det ned! Kvi skal det og binda burt jordi?» «Herre, lat det få standa i år og!» svara vingardsmannen, «til eg fær grave kring det og lagt hævd innåt; kann henda det ber eit anna år; gjer det ’kje det, so fær du hogga det ned!»» 10 Ein kviledag lærde Jesus i ei av synagogorne. 11 Der var det ei kvinna som hadde havt ei vond ånd i seg i attan år, og den hadde gjort henne so magtlaus at ho var tvikrokut og ikkje på nokor vis kunde halda seg upprett. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg. «No er du løyst frå vanmagti di, kvinna!» sagde han 13 og lagde henderne på henne; og med ein gong rette ho seg upp, og lova Gud. 14 Då tok synagoge-forstandaren til ords - han var harm for di Jesus hadde lækt på kviledagen - og sagde til folket: «Det er seks dagar ein lyt arbeida; på deim kann de koma og lata dykk lækja, og ikkje på kviledagen!» 15 «Hyklarar!» svara Herren honom då, «løyser ikkje kvar ein av dykk uksen og asnet sitt av båsen um kviledagen, og leider deim av og vatnar deim? 16 Og denne kvinna, som er Abrahams dotter, og som Satan hev halde bundi, tenkje seg til, i attan år, skulde ikkje ho løysast or det bandet, for di um det er kviledag?» 17 Då han sagde det, skjemdest alle dei som stod honom imot, og heile folket gledde seg yver alt det underfulle han gjorde. 18 So sagde han då: «Kva er Guds rike likt? kva skal eg likna det med? 19 Det er likt eit senapskorn som ein mann tok og sådde i hagen sin, og det voks og vart til eit tre, og fuglarne i lufti bygde reir i greinerne på det.» 20 So sagde han atter: «Kva skal eg likna Guds rike med? 21 Det er likt ein surdeig som ei kvinna tok og gøymde i tri skjeppor mjøl til alt saman var syrt.» 22 So for han kring frå by til by og frå grend til grend og lærde folket, alt med han var på veg til Jerusalem. 23 Det var ein som sagde til honom: «Herre, er det få som vert frelste?» Då sagde han til deim: 24 «Stræva alt de kann for å koma inn igjenom den tronge døri! Mange, segjer eg dykk, skal freista å koma inn, men er ikkje god til. 25 Når husbonden fyrst hev reist seg og stengt døri, og de so gjev dykk til å standa utanfor og banka på døri og segja: «Herre, lat upp åt oss!» då skal han svara dykk so: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå.» 26 Tek de då på å segja som so: «Me hev ete og drukke i lag med deg, og du lærde i gatorne våre,» 27 so skal han svara: «Eg segjer dykk: Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Hav dykk burt frå meg, alle de som gjorde urett!» 28 Der skal det vera gråt og tanngnistring, når de fær sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetarne i Guds rike, men de sjølve vert kasta ut. 29 Og det skal koma folk frå aust og frå vest og frå nord og frå sud og setja seg til bords i Guds rike. 30 Men kom i hug at det finst dei som er millom dei siste, og skal vera millom dei fyrste, og det finst dei som er millom dei fyrste og skal vera millom dei siste.» 31 I same bilet kom det nokre farisæarar og sagde med honom: «Tak ut og far herifrå! Herodes tenkjer på å drepa deg.» 32 Han svara: «Gakk og seg den reven: «I dag og i morgon driv eg ut djevlar og gjer sjuke friske att; tridje dagen er eg til endes komen; 33 men i dag og i morgon og dagen etter lyt eg ferdast; for det ber aldri til at ein profet let livet annanstad enn i Jerusalem.» 34 Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne og steinar deim som er sende til deg, kor ofte vilde eg ’kje ha samla borni dine kring meg, liksom fuglemori samlar ungeflokken under vengjerne! Men de vilde ikkje. 35 Sjå no skal de få hava huset dykkar sjølve. Eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg fyrr den tidi kjem då de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»
Copyright information for NorSMB