Luke 14

Ein kviledag hende det, at Jesus kom heim til ein av dei øvste farisæarane og skulde halda måltid der, og dei gjætte på honom. Best det var, såg han framfor seg ein mann som hadde vatssotti. Då tok han til ords og spurde dei lovkunnige og farisæarane: «Er det rett å lækja um kviledagen, eller er det ikkje?» Dei tagde. Då tok han burt på mannen og lækte honom, og let honom ganga. Og til dei andre sagde han: «Kven av dykk dreg ikkje straks upp att son sin eller uksen sin, dersom dei dett nedi ein brunn på ein kviledag?» Men dei var ’kje god til å svara honom noko på det. Då han gådde korleis gjesterne valde seg ut dei øvste sæti, sagde han deim denne likningi: «Når nokon hev bede deg til brudlaups, so set deg ikkje øvst ved bordet! For det kunde henda at ein gjævare enn du var beden, og at den som hadde bede dykk båe, kom og sagde til deg: «Gjev rom åt denne mannen!» og då fekk du den skammi at du laut setja deg nedst. 10 Nei, når du er beden ein stad, so gakk og set deg på det nedste romet! Når han so kjem han som hev bede deg, segjer han til deg: «Flytt deg høgre upp, venen min! Då fær du æra hjå alle deim som sit til bords med deg. 11 For kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.» 12 So sagde han og til den som hadde bede honom åt seg: «Når du vil gjera eit middags- eller kveldslag, so bed ikkje venerne eller brørne eller skyldfolket ditt eller rike grannar! For dei kjem til å beda deg att, so du fær lika for det du hev gjort. 13 Nei, når du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde! 14 Då vert du sæl; for dei hev ingen ting å gjeva deg att, men du fær lika for det når dei rettferdige stend upp att.» 15 Ein av dei andre bordgjesterne sagde då han høyrde det: «Sæl den som fær sitja til bords i Guds rike!» 16 Då svara han: «Det var ein gong ein mann som vilde gjera eit stort gjestebod, og bad mange. 17 Då tidi kom at gjestebodet skulde vera, sende han sveinen sin i veg for å segja til dei bedne: «Kom! No er det ferdigt!» 18 Då tok dei til å beda seg undan, alle som ein. Den fyrste sagde: «Eg hev kjøpt ein jordveg, og er nøydd til å ganga ut og sjå på honom. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.» 19 Ein annan sagde: «Eg hev kjøpt fem par uksar, og no skal eg av og prøva deim. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.» 20 Endå ein annan mann sagde: Eg hev teke meg ei kona; difor kann eg ikkje koma.» 21 Sveinen kom og sagde det med herren sin. Då vart husbonden harm og sagde til sveinen: «Gakk snøgt ut på gatorne og stræti i byen, og før hit alle tiggarar og kryplingar og blinde og halte!» 22 Sveinen sagde: «Herre, det er gjort som du sagde, og det er endå rom.» 23 «Gakk ut på vegarne og ved gjerdi,» svara herren, «og nøyd deim til å koma inn, so huset mitt vert fullt! 24 For eg segjer dykk at ingen av dei mennerne som vart bedne, skal smaka min gjestebodskost.»» 25 Det fylgde mykje folk med honom, og han snudde seg og sagde til deim: 26 «Um nokon kjem til meg og hatar ikkje far og mor og kona og born og brør og syster, ja, endå sitt eige liv, so kann han ikkje vera min læresvein. 27 Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein. 28 Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tur han ’kje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det. 29 For hev han lagt grunnsteinarne, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det til å gjera narr av honom og segja: 30 «Den mannen tok til å byggja, og var ’kje god til å gjera det ferdigt!» 31 Eller um ein konge vil draga ut i strid mot ein annan konge, tru han ’kje då fyrst set seg ned og slær yver um han med ti tusund mann kann møta ein som kjem imot han med tjuge tusund? 32 Og kann han ikkje, so gjer han av ei sendeferd og tingar um fred, med hin endå er langt burte. 33 Soleis kann ingen av dykk vera min læresvein, utan han segjer frå seg alt det han hev. 34 Salt er ein god ting; men vert saltet og dove, kva skal so det kryddast med? 35 Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Høyr etter, kvar som høyra kann!»
Copyright information for NorSMB