Luke 15

Alle tollmenner og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde på honom. Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!» Då sagde han deim denne likningi: Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han ’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom? Og når han hev funne honom, er han glad og tek honom på herdarne sine; og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist. Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending. Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho ’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom? Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.» 10 Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.» 11 So sagde han: «Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner. 12 Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim. 13 Det var ’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte. 14 Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud. 15 So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin. 16 Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko. 17 Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her! 18 Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg! 19 Eg er ’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»» 20 So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom. 21 Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!» 22 Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne! 23 Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade! 24 For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman. 25 Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av drengjerne, og spurde kva det skulde tyda. 27 «Bror din er komen,» svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att. 28 Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom; 29 men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine. 30 Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.» 31 «Du er allstødt hjå meg, barnet mitt,» svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.» 32 Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»
Copyright information for NorSMB