Luke 17

Sidan sagde han til læresveinarne sine: «Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå! Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små. Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala til honom, og angrar han, so tilgjev honom! Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: «Eg angrar!» so skal du tilgjeva honom.» Apostlarne sagde til Herren: «Gjev oss meir tru!» «Hev de tru som eit senapskorn,» svara Herren, «so kunde de segja til dette morbærtreet: «Rykk deg upp og røt deg i havet!» og det skulde lyda dykk. Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til honom når han kjem heim frå marki: «Kom straks og set deg til bords?» Segjer han ’kje heller: «Stell til kveldsmaten åt meg, bind livgjordi um deg, og gakk meg til handa med eg et og drikk! Sidan kann du eta og drikka?» Takkar han vel drengen for di han gjorde som han var fyresagd? Eg trur ikkje det. 10 Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: «Me er uturvande tenarar! Me hev ’kje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.»» 11 Med han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilæa, 12 bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan, 13 og ropa høgt: «Jesus, meister, gjer sælebot på oss!» 14 Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine. 15 Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst, 16 og kasta seg å gruve framfor føterne hans og takka honom; det var ein samaritan. 17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Vart dei ’kje reine alle ti? Kvar er då dei ni? 18 Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?» 19 So sagde han til mannen: «Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.» 20 Farisæarane spurde honom ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han deim so: «Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo. 21 Ein kann ikkje heller segja: «Sjå her er det!» eller: «Der er det!» For Guds rike, det er inni dykk.» 22 Sidan sagde han til læresveinarne: «Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagarne då Menneskjesonen råder, men de skal ikkje få sjå det. 23 Dei kjem til å segja til dykk: «Sjå der er han! Sjå her!» Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter deim! 24 For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskjesonen den dagen han kjem. 25 Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota honom ifrå seg. 26 Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskjesonen kjem: 27 dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop. 28 Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde; 29 men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svåvel frå himmelen og tynte deim alle. 30 På same vis skal det vera den dagen Menneskjesonen syner seg. 31 Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje ganga ned og henta deim; og er nokon utpå marki, so må han ikkje venda um. 32 Kom i hug kona hans Lot! 33 Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att. 34 Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att. 35 Tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att. 36 Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att.» 37 Då tok læresveinarne til ords og sagde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.»
Copyright information for NorSMB