Luke 20

Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne, og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?» «Eg vil og spyrja dykk um ein ting,» svara han: «Seg de meg: Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk? Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?» og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.» So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus. So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva. 10 Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender. 11 So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome. 12 Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut. 13 «Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!» 14 Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!» 15 So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim? 16 Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!» 17 Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?» 18 Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.» 19 Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si. 20 So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen. 21 Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi - 22 er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 23 Men han gådde listi deira og sagde til deim: 24 «Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei. 25 «Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» 26 Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde. 27 So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde: 28 «Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin. 29 No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus. 30 So gifte den andre seg med henne, 31 og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg. 32 Til slutt døydde kona og. 33 Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.» 34 Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte; 35 men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte; 36 dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv. 37 Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. 38 Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.» 39 Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.» 40 Og dei torde ikkje oftare spyrja honom um noko. 41 So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son? 42 David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, 43 til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»» 44 So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?» 45 Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det: 46 «Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod! 47 dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»
Copyright information for NorSMB