Luke 23

Då reiste dei seg, heile hopen, og førde honom til Pilatus, og bar fram klagemålet sitt mot honom. «Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt,» sagde dei; «han forbyd deim å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge.» Då tok Pilatus til ords og spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» «Det er som du segjer,» svara han. Pilatus sagde til øvsteprestarne og folket: «Eg finn ingi skuld hjå denne mannen.» Då tok dei sterkare i og sagde: «Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilæa, og no hev han kome alt hit.» Då Pilatus høyrde det, spurde han um mannen var frå Galilæa, og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes’ velde, sende han honom åt Herodes; for han var og i Jerusalem i dei dagarne. Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå honom; for han hadde høyrt mykje um honom og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av honom. Han spurde honom um mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord. 10 Øvsteprestarne og dei skriftlærde stod der og klaga på honom so sterkt dei kunde. 11 Og Herodes med hermennerne sine svivyrde og hædde honom, kasta ei brikjeleg kåpa um honom og sende honom so attende til Pilatus. 12 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom deim. 13 So kalla Pilatus i hop øvsteprestarne og rådsherrarne og folket 14 og dei sagde til deim: «De hev ført denne mannen fram for meg og skulda honom for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt honom ut, so de hev høyrt på det, men eg hev ’kje funne honom saka i noko av det de klagar honom for. 15 Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til honom. So kann de sjå, at han hev ikkje gjort noko, som han skulde lata livet for. 16 Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.» 17 Men han laut gjeva deim ein fange fri i høgtidi. 18 Då ropa dei alle som ein; «Burt med honom! Gjev oss Barabbas fri!» 19 - so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -. 20 På nytt tala Pilatus til deim; for han vilde gjerne gjeva Jesus fri. 21 Men dei ropa imot: «Krossfest honom, krossfest honom!» 22 So tala han til deim tridje gongen og sagde: «Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ’kje funne honom saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa honom og so gjeva honom fri.» 23 Men dei braut på, og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket. 24 Då dømde Pilatus so at det skulde vera som dei kravde. 25 Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til deim, so dei kunde gjera med honom som dei vilde. 26 Då dei førde honom burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon, og var frå Kyrene; honom lagde dei krossen på, so han skulde bera honom etter Jesus. 27 Ein stor folkehop fylgde honom; bland deim var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld. 28 Jesus snudde seg åt deim og sagde: «Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar! 29 For det kjem dagar då dei skal segja: «Sæle dei som aldri bar barn under beltet! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri hev fostra!» 30 Då kjem dei til å segja til fjelli: «Fall yver oss!» og til haugarne: «Gøym oss!» 31 For fer dei so med det grøne treet, korleis skal det då ganga med det turre?» 32 Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med honom og skulde lata livet. 33 Då dei kom til den staden som kallast Skallen, krossfeste dei honom der, og like eins illgjerningsmennerne, den eine på høgre og den andre på vinstre sida. 34 Men Jesus sagde: «Fader, forlat deim, for dei veit ikkje kva dei gjer!» So skifte dei klædi hans millom seg og drog strå um deim. 35 Folket stod og såg på; og rådsherrarne spotta og sagde: «Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde!» 36 Hermennerne gjorde narr av honom; dei gjekk fram og rette honom eddik og sagde: 37 «Er du kongen yver jødarne, so hjelp deg sjølv!» 38 Og uppyver honom var det ei innskrift: «Dette er kongen yver jødarne.» 39 Ein av illgjerningsmennerne som hekk der, hædde honom og sagde: «Er ’kje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss!» 40 Då tok den andre til ords, og skjemde på honom og sagde: «Ottast ikkje du heller Gud, du som er under same domen? 41 Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko urett. 42 Jesus,» sagde han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!» 43 «Det segjer eg deg for visst,» svara Jesus: «I dag skal du vera med meg i paradis.» 44 Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen, 45 og soli svartna. Forhenget i templet rivna midt i tvo. 46 Og Jesus ropa med høg røyst: «Fader, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, andast han. 47 Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sagde: «Den mannen var sanneleg skuldlaus!» 48 Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende. 49 Men alle venerne hans, og dei kvinnorne som hadde fylgt honom frå Galilæa, stod langt undan og såg på. 50 Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det Høge Rådet, 51 men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningarne deira; han åtte heime i Arimatæa, ein by i Jødeland, og var ein av deim som venta på Guds rike - 52 den mannen gjekk til Pilatus og bad um likamen åt Jesus, 53 tok honom ned, sveipte honom i lin og lagde honom i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i. 54 Det var då fyrebuingsdagen, og kviledagen var i kjømdi. 55 Nokre av dei kvinnorne som hadde vore med han frå Galilæa, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis likamen hans vart lagd. 56 So gjekk dei heim att og laga til angande kryddor og salvar. Kviledagen heldt dei seg i ro etter lovi.
Copyright information for NorSMB